Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

Er du sjukepleiar/vernepleiar med ønske om å forme framtidas heimeteneste i vakre Fusa delen av kommunen?

Sjukepleiar / Vernepleiar - 100 % fast

Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar/vernepleiarar som vil gjere ein forskjell – kvar einaste dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!

Heimetenesta i Eikelandsosen endrar no måten å organisera arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og god bruk av kompetansen. Vi treng deg som ønskjer å vera med å vidareutvikla heimetenesta, og som ser moglegheiter framfor avgrensingar.  For sykepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen. 

Kvifor velje oss?

  • Du får vere med på å utvikle og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nytt
  • Du får varierte arbeidsdagar med ulike ruter og oppgåver – ingen dag er lik!
  • Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper
  • Du får bruke kompetansen din der behovet er størst.
  • Du blir ein del av eit miljø som ser moglegheiter framfor avgrensingar

Arbeidsstad
Eikelandsosen

Arbeidsoppgåver

  • Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
  • Pleie og omsorgsoppgåver, miljøarbeid og palliasjon
  • Dokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver som er knytt til dette
  • Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak
  • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester
  • Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar
  • Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
  • Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt 
  • Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskrus og intern opplæring
  • Kunne jobbe ved fleire avdelingar ved behov

Kvalifikasjonar

  • Har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, anna helsefagleg utdanning og erfaring kan bli vurdert
  • Har gjerne relevant vidareutdanning
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Søkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Personlege eigenskapar

  • Har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg
  • Deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt 
  • Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst 

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. For sykepleiarar/vernepleiarar i turnus tilbyr Bjørnafjorden kommune 25.000,- i tillegg over garantilønnstabellen. 
  • 100 % stilling i eit aktivt miljø, med høgt tempo, fokus på fag og gode kollegaer
  • Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing
  • Fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld og helg
  • Vi har plan for internundervisning og det er moglegheit for relevant vidareutdanning
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

25/25997

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Fast
Heiltid

Søknadsfrist:

15.01.2026

Tiltreding:

Snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

Eikelandsosen

Kontaktpersonar:

Gro Elisabeth Almås

Stilling: Avd.leiar

mob: +47 481 25 246

Silje Mykkeltvedt

Stilling: Avd.leiar

mob: +47 404 61 342

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kart: