Vil du vere med å forme framtidas heimeteneste i vakre Fusa delen av kommunen?
Helsefagarbeidar - 100 % fast
Vi søkjer engasjerte helsefagarbeidarar som vil gjere ein forskjell – kvar dag. Er du ein person som brenn for å gi god omsorg, og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Heimetenesta Fusa har ledig 2 * 100 % faste stillingar frå snarast i avd 1. Du vil bli ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande team som jobbar for å gi brukarane våre tryggleik, verdigheit og kvalitet i kvardagen. Stillingane er i turnus med arbeid på dag, kveld og helg.
Ei av stillingane er knytt til eit vikariat, der ein etter vikarperioden vil vere knytt til ressursbemanninga i avd 1 og 2. Du får sjølvsagt fast turnus til stillinga.
Heimetenesta Fusa er delt i to avdelingar, der ein har gjort omstillingar i korleis organisera arbeidet for å sikre kvalitet i tenestene og god bruk av kompetansen. Vi treng deg som ønskjer å vere med å vidareutvikla heimetenesta, og som ser moglegheiter framfor avgrensingar.
Kvifor velje oss?
- Du får vere med på å utvikle og forme framtidas heimeteneste i ein kommune som tenkjer nytt
- Du får varierte arbeidsdagar med ulike ruter og oppgåver – ingen dag er lik!
- Du får brei erfaring og tett samarbeid med ulike faggrupper
- Du får bruke kompetansen din der behovet er størst
- Du blir ein del av eit miljø som ser moglegheiter framfor avgrensingar
Arbeidsstad
Heimetenester Fusa avd 1 - Eikelandsosen
Arbeidsoppgåver
- Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
- Pleie og omsorgsoppgåver, miljøarbeid og palliasjon
- Dokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver som er knytt til dette
- Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak
- Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester
- Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
- Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar vert fulgt
- Halda seg fagleg oppdatert ved bruk av e-læringskrus og intern opplæring
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, anna helsefagleg utdanning og lang erfaring kan bli vurdert
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Søkjar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg
- Deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt
- Bidrar positivt til arbeidsmiljøet og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande avtalar.
100 % stilling i eit aktivt miljø, med høgt tempo, fokus på fag og gode kollegaer- Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing
- Vi har plan for internundervisning og det er moglegheit for relevant vidareutdanning
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld og helg
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
26/4035
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Helsefagarbeidar
Stillingstype:
Fast
Heiltid
Søknadsfrist:
11.05.2026
Tiltreding:
Snarast / etter avtale
Arbeidsstad:
Heimetenester Fusa avd 1 - Eikelandsosen
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Leitet 28 5640 Eikelandsosen