Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Ønskjer du å skaffa deg spanande og meiningsfull jobb på helg ?

Tilrettelagt tenester har ledige helgestillingar frå snarast:

-  15% - 30% faste stillingar

Stillingane er i turnus, med variable vaktlengder, enten kvar 2,3, eller 4. helg. Spesifiser i søknad kva vaktordning du ønskjer.

Tilrettelagte tenester er for born, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar:

Tenesta for vaksne består av 9 bufellesskap (Os /Fusa), 2 dagsenter i tillegg til tenester i heim :
- Hellemyra bufellesskap- (Fusa)
- Torsneset bufellesskap - (Fusa)
- Fusa butenester - (Fusa)
- Kuhnletunet bustader
- Vestre Lurane bufellesskap
- Bolig Moberg bufellesskap
- Idrettsvegen bufellesskap
- Bjørnefjorden bufellesskap
- Søfteland bufellesskap

Tenesta som gjeld for barn og unge er tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på institusjon og i heim :
-  Varafjell avlastningssenter 
-  Os avlastning 
-  Fusa avlastning - (Fusa)

Dersom du har bestemte ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. 

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. 

Kvalifikasjonar
Til helgestillingar ønskjer vi også rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning. Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring kan også bli vurdert. Vi søkjer og deg som er ufaglært, men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. 

Søkjarar over 18 år vil bli prioritert.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnefjorden kommune tillegg i grunnlønn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning.
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Søknadane blir handsama fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg derfor om å senda inn søknaden snarast

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingstype:

Helgestilling

Søknadsfrist:

31.08.2026

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Fleire avdelingar

Kontaktpersonar:

Anne Turi Kvittingen

Stilling: Ass.einingsleiar

mob: +47 977 91 542

Yvonne Matre

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 902 89 733

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: