Ferievikarar - Heimetenester Os
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vere den rette for oss!
Vi treng ferievikarar som kan jobbe på dag, kveld, natt, og helg.
Arbeidsstad
Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte kollegaer. Vårt mål er at alle brukarar skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Arbeidet er lagt opp etter lov om rett til helsehjelp.
Vi ønsker ein fleksibel og løysningsorientert medarbeidar og håpar at du vil vere med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Utøva pleie og omsorg som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Arbeide i brukar si heim der denne ønsker å bu lengst mulig- du er viktig for at dette ønske kan bli realisert
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Samarbeide med alle arbeidsgruppar i avdelingane, hjelpe til på tvers av gruppar
- Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert, tar ansvar for å gjennomføre opplæringskurs som er pålagde
- Studentar får opplæring i prosedyrar etter delegasjon
Kvalifikasjonar
- Førarkort kl. B.
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.)
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi vil prioritere dei som kan jobbe 5 veker samanhengane frå veke 23-35
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør
- Evne til å møte andre på ein respektfull måte
- Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
- Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre-Den erfaringa du får med å jobbe i heimesjukepleien vil du alltid ha nytte av uansett kva yrke du velger.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar. Studentavlønning for relevant avlønning
- Ekstra godtgjersle: Eininga kan tilby frivillig bonusavtale for sommarvikarar der det er aktuelt. Vilkår for bonusopptening er arbeid i 100% turnusstilling som sommarvikar i 5 samanhengande veker, med minimum 40 timar på helg. Storleik på bonus varierer med fagkompetanse og utgjer mellom kr. 10.000 og 20.000
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
- Er du under utdanning får du mengdetrening på mange ulike prosedyrar etter delegasjon og opplæring av gode fagfolk
- Vi har treningsrom med ulike stasjoner for opplæring bl a HLR, ergonomi, utstyr som blir brukt ute hos brukarane ol.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
26/1552
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Assistent
Heimehjelp
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar
Stillingstype:
Ferievikar
Søknadsfrist:
31.03.2026
Tiltreding:
Sommar 2026
Arbeidsstad:
Fleire avdelingar
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Holen 1 5200 OS