Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os

Vi ønskjer oss fleire tilkallingsvikarar!

Tilkallingsvikarar - Heimetenester Os

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss! 
Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidarar. Vårt mål er at alle brukarar skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. 

Vi treng tilkallingsvikarer som kan jobbe på dag, kveld, natt og helg. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Arbeidet er lagt opp etter lov om rett til helsehjelp. Vi ønskjer oss fleksible og løysningsorienterte medarbeidarar og håpar at du vil vere med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.

Arbeidsstad
Heimetenester Os 

  • Avd. 1 (Avd.leiar: Malin Solbakken)
  • Avd. 2 (Avd.leiar: Inger Lise Tvedt)
  • Avd. 3 (Avd.leiar: Hilde Hjelle)
  • Natt/Heimehjelp/Ressursavd. (Avd.leiar: Rose Engevik) 

Arbeidsoppgåver

  • Utøva pleie og omsorg som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
  • Arbeide i brukars heim der brukar ønskjer å bu lengst mogleg - du er viktig for at dette ønskje kan bli realisert
  • Dokumentera helsehjelp i Profil
  • Samarbeide med alle arbeidsgruppar i avdelingar, hjelpe til på tvers av gruppar
  • Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
  • Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert, tar ansvar for å gjennomføre opplæringskurs som er pålagde
  • Studentar/elevar får opplæring i prosedyrar etter delegasjon

Den erfaringa du får med å jobbe i heimesjukepleien vil du alltid ha nytte av uansett! 

Kvalifikasjonar

  • Førarkort kl. B
  • Søkjarar utenfor Norden må dokumentera beståt "Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå)
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør
  • Evne til å møte andre på ein respektfull måte
  • Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
  • Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre 

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

26/2844

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar
Heimehjelp
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Tilkallingsvikar

Søknadsfrist:

01.05.2026

Tiltreding:

Snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

Fleire avdelingar

Kontaktpersonar:

Hilde Hjelle

Stilling: Avd. leiar

tlf: +47 418 63 003

mob: +47 404 84 860

Inger Lise Tvedt

Stilling: Avd. leiar

tlf: +47 56 57 55 50

mob: +47 418 63 002

Malin Holmefjord Solbakken

Stilling: Avd.leiar

mob: +47 418 63 001

Rose Linda Engevik

Stilling: Avd. leiar

mob: +47 41863005

Adresse:

Holen 1 5200 OS

Kart: