Ferievikarar - Heimetenester Eikelandsosen
Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis? Kan ferievikariat i Heimetenester Eikelandsosen vera noko for deg?
Vi ser etter deg som er glad i menneske, løysingsorientert, pliktoppfyllande og arbeidsam. Det er ønskeleg med erfaring frå helse- og omsorgsarbeid for å vere ferievikar hos oss. Du kan vere ung, vaksen eller godt vaksen. Personlege eigenskapar og innstillinga di er viktig for oss, og du vil få opplæring.
Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsette skal ha ferie i perioden juni - august (veke 23-35). Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobbe og kva avdelingar. Vikarar som kan jobbe samanhengande i minst 5 veker, og dekke eit størst mogleg tidsrom av sommaren, vil bli prioritert.
Tilsetjing vil bli gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.
Arbeidsstad
Heimetenester Eikelandsosen
- Heimesjukepleie
- Heimehjelp
- Dagsenter for eldre og personar med demens
Om du har spesielle ønskjer, er det fint om du spesifiserer det i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Pleie- og omsorg til heimebuande brukarar
- Aktivisering og praktisk hjelp til brukarar på dagsenter, organisering av måltid og køyring til og frå heimen
- Heimehjelpa yter praktisk bistand i heimane til brukarane
Kvalifikasjonar
- Som ferievikar ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp
- Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske, er du og velkomen til å søkja sommarjobb hos oss
- Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Søkjarar over 18 år, og helst med førarkort kl B blir prioriterte
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre
- Du er fleksibel, lojal og pliktoppfyllande
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande avtalar. Studentavlønning for relevant utdanning
- Ekstra godtgjersle: Eininga kan tilby frivillig bonusavtale for sommarvikarar der det er aktuelt. Vilkår for bonusopptening er arbeid i 100% turnusstilling som sommarvikar i 5 samanhengande veker, med minimum 40 timar på helg. Storleik på bonus varierer med fagkompetanse og utgjer mellom kr. 10.000 og 30.000.
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer fortløpande etterkvart som avdelingane er ferdig med å planlegge ferieavviklinga.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
26/812
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Sesong
Heiltid/Deltid:
Deltid
Heiltid
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Kveld
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Assistent
Heimehjelp
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Reinhaldsoperatør
Sjukepleiar
Vernepleiar
Stillingstype:
Deltid
Ferievikar
Heiltid
Tilkallingsvikar
Søknadsfrist:
01.03.2026
Tiltreding:
Sommar 2026
Arbeidsstad:
Fleire avdelingar
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Leitet 28 5640 Eikelandsosen