Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester

Bjørnafjorden og Samnanger legevakt og legevaktsentral har ledig vikariat som sjukepleiar/paramedic

Sjukepleiar/Paramedic - vikariat

Har du lyst å bli ein del av teamet på Legevakta? Bjørnafjorden og Samnanger legevakt og legevaktsentral har ledig 90% vikariat i omlag 1 år for sjukepleiar/ paramedic frå juni/juli 2026

Arbeidsstad
Vi held til i Beredskapsbygget på Moberg, i same bygg som Ambulansetenesta og Brann og redning.
I tillegg har vi ei avdeling m/lege i Eikelandsosen. 

Arbeidsoppgåver
Oppgåvene på legevaktsentralen er å svara på henvendingar for kommunane Bjørnafjorden, Samnanger og Austevoll. Du jobbar i team med lege, sjukepleiar og ambulansepersonell og håndtera pasientar både på legevakta og ute i kommunen.

Med akutt hjelp meinast: "Den helsehjelp som helsetenesta eller ein helsearbeidar er pliktig til å yte utan opphald eller snarast når hjelpa er påtrengande nødvendig for å avverge fare for akutt dødsfall, akutt betydeleg helsetap eller avhjelpe alvorlege smertetilstander».

Stillinga er i 3 delt turnus med bl. anna langvakter og arbeid 3. kvar helg.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar/eller bachelor i paramedic og relevant arbeidserfaring
  • Du må ha sertifikat, klasse B (kode 160 er ikkje eit krav)
  • Du må kunne jobba sjølvstendig
  • Du må ha generelle datakunnskapar
  • Du må ha gode norske skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Du må kunne beherska engelsk munnleg 
  • Det vert lagt særleg vekt på dine personlege eigenskapar

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Om du får tilbod om stillinga gjer vi merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

  • God opplæring i eit trygt miljø
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldende avtaler.
  • Kr 40 000,- i tillegg på årslønn for natt i turnus
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

26/3825

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg
Natt
Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Paramedic
Sjukepleiar

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

30.04.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Legevakta på Moberg

Kontaktpersonar:

Trude Fjæreide

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 480 47 177

Adresse:

Torggata 5209 OS

Kart: