Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter

Tilkallingsvikarar ved Fusa bu- og behandlingssenter

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønskjer ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!  

Vi har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag-, kveld- og nattevakter hos dei ulike avdelingane ved Fusa bu- og behandlingssenter. Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga sjukdom, ferie, eller andre høve som fører til behov for mellombels arbeidskraft.

Arbeidsstad
Vi treng tilkallingsvikarar ved dei ulike avdelingane ved FBBS som er:

  • Miljøavdelinga
  • Korttids- og rehabililteringsavdelinga
  • Buavdelinga
  • Reinhald og vaskeri
  • Kjøkken (produksjonskjøkken og postkjøkken)

Om du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.

Søknadane blir handsama fortløpande og det er kun aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg difor om å senda inn søknaden din snarast.

Arbeidsoppgåver
Pleie- og omsorg, miljøarbeid, aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon, reinhald og måltid-/kjøkkenarbeid.

Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å få tilbod om arbeid, eller plikt til å ta på seg tilbydd arbeid.  

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter: sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, aktivitør, studentar innan helsefag og assistentar.
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Vi vil prioritere dei som er over 18 år, men alle vil bli vurdert.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Du kan jobbe sjølvstendig og i godt samarbeid med andre
  • Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
  • Du er pliktoppfyllande, fleksibel og samarbeidsvillig
  • Du har gode kommunikasjonsevner, godt humør og har evne til å møte andre på ein respektfull måte

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Vil du lese meir om sommarjobb hos Fusa bu- og behandlingssenter, sjå vår heimeside: - Ein spennande og givande sommarjobb - Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Referansenummer:

25/25864

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Tilkallingsvikar

Søknadsfrist:

31.12.2025

Tiltreding:

Snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

Fusa bu- og behandlingssenter / Alle avdelingar

Kontaktpersonar:

Eirin Bergheim

Stilling: Avd.leiar

mob: +47 404 94 459

Monica Vindenes Bolstad

Stilling: Avd.leiar

mob: +47 901 46 856

Anne Martha Oma Berge

Stilling: Avd. leiar

mob: +47 468 43 558

Arild Tveit

Stilling: Avd. leiar

mob: +47 481 95 328

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kart: