Ønskjer du å skaffa deg spennande praksis eller ein meiningsfull feriejobb? Då kan ferievikariat i eining for psykisk helse og rus vera noko for deg.
Ferievikarar - psykisk helse og rustenester
Eining for psykisk helse og rustenester treng ferievikarar i perioden 01.06.26-30.08.26. Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobba. Vikarar som kan jobba samanhengande, helst 5 veker, og dekkja eit størst mogleg tidsrom av sommaren vil bli prioritert. Tilsetjing vil bli gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.
Eininga kan tilby frivillig bonusavtale for sommarvikarar. Vilkår for bonusopptening er arbeid i 100% turnusstilling som sommarvikar i 5 samanhengande veker, med minimum 40 timar på helg. Storleik på bonus varierer med fagkompetanse og utgjer mellom kr. 10.000 og 25 000.
Behovet for ferievikarar gjeld i eining for psykisk helse og rus, i avdelingane:
- Bufellesskap psykisk helse - eit bufellesskap for personar med psykiske vanskar, og har 16 leiligheter,
- Miljø og aktivitet - tilbyr ambulerande helsehjelp, oppfølging i eigen bustad og ulike tenester til menneske med samansette behov. Avdelinga har fokus på å fremje livskvalitet, meistring og aktivitet i kvardagen.
- Askviknes oppfølgingsteneste - oppfølging av bebuarar som leiger bustad i bygget, og som har tilbod om avlastning. Dette er ei diagnoseuavhengig avdeling som bistår personar som har varierte behov, på ulike måtar.
Dersom du har bestemde ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkjefølgje i søknaden. Du vil få ein meiningsfull sommarjobb med mange interessante og varierande oppgåver, og godt samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer. Her har du ein god moglegheit for å skaffa deg spennande praksis og yrkesrøynsle.
Vi har ulike vaktordningar som t.d. langvakter, vaken nattevakt og kvilande nattevakt. Du vil bli kontakta for samtale der slike ønskjer kan avklarast.
Aktuelle søkjarar vil bli kontakta og kalla inn til intervju fortløpande.
Kvalifikasjonar:
- Som ferievikar ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp, men det er ikkje eit krav.
- Ønskjeleg med sertifikat.
Personlege eigenskapar:
- Du er engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å jobbe med mennesker
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du har god norsk munnleg og skriftelg framstillingsevne
- Dine personlege eigenskapar vil bli lagde vekt på
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi kan tilby
- Løn etter gjeldande avtalar
- Studentavlønning for relevant utdanning
- Ekstra tillegg for arbeid på natt
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utgått søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Del på:
Referansenummer:
26/1289
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Deltid
Heiltid
Ved behov
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Assistent
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar
Stillingstype:
Ferievikar
Søknadsfrist:
30.03.2026
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Alle avdelingar
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os