Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Tilrettelagte tenester søker deg som vil jobbe som ferievikar i 2026

Ferievikarar

Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis og ein meiningsfull feriejobb? 

Vi treng ferievikarar i månadane juni, juli og august. Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobbe kva avdelingar, og gjerne om det er på Os eller i Fusa. Vikarar som kan jobbe samanhengande, helst 4 veker, og dekke eit størst mogleg tidsrom av sommaren, vil bli prioritert. Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å sende inn søknad snarast.

Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til born, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar.

Arbeidsstader:
Tenesta for vaksne består av 9 bufellesskap (Os /Fusa), 2 dagsenter i tillegg til tenester i heim :

- Hellemyra bufellesskap- (Fusa)
- Torsneset bufellesskap - (Fusa)
- Fusa butenester (tenester i heim) -(Fusa)
- Kuhnletunet bustader
- Vestre Lurane bufellesskap
- Bolig Moberg bufellesskap
- Idrettsvegen bufellesskap
- Bjørnefjorden bufellesskap
- Søfteland bufellesskap

Tenesta som gjeld for barn og unge er tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på institusjon og i heim :
-  Varafjell avlastningssenter 
-  Os avlastning (tenester i heim) 
-  Fusa avlastning (tenester i heim) - (Fusa)

Dersom du har bestemte ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.

Kvalifikasjonar:

  • Som ferievikar ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg- sosialfagleg- eller pedagogisk utdanningsløp 
  • Du er engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeide med menneske
  • Det er ønskje om fylt 18 år, men ikkje eit krav
  • Bilsertifikat kl. B kan vera nødvendig i jobb ved nokre avdelingar.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest

Vi kan tilby

  • Meiningsfull sommarjobb  som vil gje deg nyttig og verdifull arbeidserfaring med rom for faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Løn:
    -Løn etter gjeldande avtalar, med eigen avlønning for studentar med relevant utdanning
    -Ekstra tillegg for arbeid på natt
    -Ekstra godgjersle: Eininga kan tilby frivillig bonusavtale for sommarvikarar der det er aktuelt. Vilkår for bonusopptening er arbeid i 100% turnusstilling som sommarvikar i 5 samanhengande veker, med minimum 40 timar på helg. Storleik på bonus varierer med fagkompetanse og utgjer mellom kr.10.000,- og 30.000,-
  • Ulike vaktordningar kan bli aktuelt, som t.d langvakter
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring 

Vi ser fram til å høyra frå deg ! Til informasjon, er det kun aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer fortløpande etterkvart som avdelingane er ferdig med å planleggja ferieavviklinga.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingstype:

Ferievikar

Søknadsfrist:

27.02.2026

Tiltreding:

Fortløpande

Arbeidsstad:

Tilrettelagte tenester

Kontaktpersonar:

Anne Turi Kvittingen

Stilling: Ass.einingsleiar

mob: +47 977 91 542

Yvonne Matre

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 902 89 733

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: