Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Luranetunet bu og behandlingssenter treng ferievikarar

Ferievikarar

Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis og ein meiningsfull feriejobb?

Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsette skal ha ferie i perioden juni - august. Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobbe og kva avdelingar. Vikarar som kan jobbe samanhengande, helst 4 veker, og dekke eit størst mogleg tidsrom av sommaren, vil bli prioritert. Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å sende inn søknaden din snarast. 

Arbeidsstad
Kun nokre få minutt køyring frå Bergen ligg Luranetunet bu og behandlingssenter.
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel».Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Vi har og ein flott innebygd tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette.

Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)

Behovet for ferievikarar gjeld i pleie- og omsorgstenesta, avdelingar:
- Behandlingsavdeling
- Rehabiliteringsavdeling
- Buavdeling 1. etg.
- Buavdeling 2. etg.
- Avd. Breheim
- Avd. Bergheim
- Avd. Fjordheim
- Avd. Solheim
- Avd. Vårheim
- Reinhaldsavdeling
- Vaskeriavdelilng
- Nattevaktslaga 

Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer fortløpande etterkvart som avdelingane er ferdig med å planlegge ferieavviklinga. Det vert ikkje sendt avslagsbrev til søkjarar som ikke får tilbod om jobb.

 Kvalifikasjonar:

  • Som ferievikar ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp.
  • Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja
  • Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske, er du og velkomen til å søkja sommarjobb hos oss
  • Har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Dine personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi kan tilby

  • Løn etter gjeldande avtalar, studentavlønning for relevant utdanning
  • Ekstra tillegg for arbeid på natt
  • Ulike vaktordningar som t.d. langvakter som bidreg til at du kan få lengre friperiodar mellom vaktene. 
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Ein meiningsfull sommarjobb med mange interessante og varierande oppgåver, og godt samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer. Her har du ein god moglegheit for å skaffa deg spennande praksis og yrkeserfaring.
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
  • Ekstra godtgjersle: Eininga kan tilby frivillig bonusavtale for sommarvikarar der det er aktuelt. Vilkår for bonusopptjening er arbeid i 100% turnusstilling som sommarvikar i 5 samanhengande veker, med minimum 40 timar på helg. Storleik på bonus varierer med fagkompetanse og utgjer mellom kr. 10.000 og 25.000

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn. 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Del på:

Referansenummer:

26/444

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp
Sesong

Heiltid/Deltid:

Deltid
Heiltid

Arbeidstid:

Dag
Helg
Kveld
Natt

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Deltid
Ferievikar
Heiltid
Helgestilling
Vikariat

Søknadsfrist:

24.02.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Alle avdelingar

Kontaktpersonar:

Elena Larsen

Stilling: Konst. ass. einingsleiar

mob: +47 952 74 442

Hilde Karin Storum

Stilling: Konst. einingsleiar

mob: +47 976 70 717

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kart: