Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage

Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?

Barnehagelærar i fast 100 % stilling

Vi søker deg som ønsker å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga til Lysekloster barnehage. Barnehagen treng barnehagelærarar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å ha rom for alle og blikk for den enkelte.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.

Lysekloster barnehage ligg vakkert til på Edne, like ved Lysekloster idrettsplass og skule. Rundt barnehagen er det skogsområde, med fleire moglegheiter for tur. Vi nyttar området til å koma oss til skogs, til fjells og til sjøen. Vi har 5 avdelingar og per no 79 barn i alderen 0 – 6 år.

Vi har fokus på at kvart barn skal bli sett og høyrt. Det er viktig at barnet opplever glede og meistring i kvardagen. Mottoet vårt er: «Det er stort å vera liten»

Arbeidsoppgåver
- Å jobbe etter kommunen sine satsingsområder, planer og ulike verktøy.
- Planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
- I samarbeid med styrar og pedagogisk leiar planlegge og gjennomføre ulike møter.
- Å bidra og følgje opp endring- og utviklingsarbeid.
- Å delta aktivt i det daglege arbeidet med barna, og å vere tydeleg rollemodell ovanfor barn og tilsette.

Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HK-dir. 
- Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi ser etter deg som
- Er raus, omsorgsfull og har eit varmt hjarte for barn.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Tar ansvar og initiativ, og har gjennomføringskraft.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er ein lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
- Ein barnehage med stort fokus på fagleg innhald.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkjeuavhengig av kjønn, alder, funksjonsevneseksuell orienteringetnisk bakgrunn eller livssyn. 

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustadeller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgjevil søkjaren bli varsla. 

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Barnehagelærar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

07.05.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Lysekloster barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Edne 19 5215 Lysekloster

Kart: