Fagarbeidarstillingar
Tilrettelagte tenester f.t Varafjell avlastning har ledig:
- faste stillingar i turnus; 3x 100 % - med arbeid for tida kvar 4. helg (langvakt på helg)
Tilrettelagte teneste gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Eininga gjev tenester i Bjørnafjorden vest og i Bjørnafjorden aust, og består av avlastning for born og unge, bufellesskap og dagsenter.
Arbeidsstad og Arbeidsoppgåver
Stillingane er for tida på Varafjell avlastningssenter. Avlastningssenteret ligg strategisk plassert, nær skule, idrettsplass og friluftsområde og har tilbod for born og unge med nedsatt funksjonsevne.
Varafjell har ledige fagarbeidarstillingar for deg som ønskjer ein meiningsfull og variert arbeidskvardag. Du vil arbeide tett med barn og unge med ulike behov, og bidra til tryggleik, meistring og gode opplevingar. Stillingane inneber og ei viktig rolle i å støtte og avlaste familiar med krevjande omsorgsoppgåver, i eit fagmiljø prega av samarbeid, kompetanse og engasjement. Arbeidsoppgåver grad knytt opp mot barn med behov for tett oppfølging.
• Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habiliteten og rehabilitering.
• Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
• Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
• Du må vere villig til å ta på deg hovudkontaktarbeid og /eller koordinatorarbeid. Dette arbeidet inneber blant anna å følgje særskilt med på barnet sitt tilbod, stille på møter og vera ein aktiv deltakar i utvikling av barnet sitt tilbod.
• Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.
Kvalifikasjonar
• Du har autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men søkjarar med relevant arbeidserfaring, innan brukargruppa, vil også verta vurdert.
• Du har erfaring frå arbeid med born/ungdom med nedsett funksjonsevne
• Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
• Kjennskap og erfaring frå helse og omsorgstenestelova kap. 9 er ønskjeleg
Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt særleg vekt på di kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Kven er du?
Fordi du ønskjer å vere ein del av eit spennande arbeidsmiljø, er denne stillinga heilt perfekt for deg. Du ønskjer utfordringar og er opptatt av å ivareta barnet som om det var ditt eige. På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gi barnet eit godt heiltidstilbod.
• Du er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner
• Du er klar for noko nytt og spennande
• Du er endringsvillig og spontan og du ønsker ein jobb der utfordringane står i kø.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
10.04.2026
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Varafjell avlastning
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 0000 Os