Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar

Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar?

Avdelingsleiar Helsestasjon

I Oppvekstfeltet skal vi jobbe saman for å ta heile samfunnet sine ressursar i bruk for å løyse utfordringar og sjå moglegheiter. Våre tenester skal være heilskaplege, med barn, unge og føresette i sentrum. Dette omfattar tett samarbeid mellom einingaravdelingar og på tvers av aldersgrupper. 

Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. Her inngår Førebyggande helsetenestereining for Barn, unge og familiar og Barnevertenesta. Helsestasjonen er ei eigen avdeling i Førebyggande helsetenesterTidleg innsats og tverrfagleg samarbeid med eit heilskapleg blikk for barnet sine behov er ei viktig satsing i vår kommune

Førebyggande helsetenester har ansvar for førebyggande og helsefremmande arbeid for barn og unge i alderen 0-20 år. Tenesta skal blant anna fremme fysisk og psykisk helse, gode sosiale og miljømessige forhold og førebygge sjukdom og skader. Førebyggande helsetenester omfattar: Svangerskap -og barselomsorg, Helsestasjon for barn 0-5 år, Trygg start, SkulehelsetenestaHelsestasjon for ungdom og Flyktninghelsetenesta. 

Arbeidsoppgåver 
- Heilskapleg ansvar for helsestasjonen sitt tenestetilbod. 
- Fag- og personalansvar. 
- Flyktninghelse ligg i dag til helsestasjonen sitt ansvarsområde. 
- Vidareutvikling og drift av  avdelingen i tråd med nasjonale- og kommunale føringar og satsingsområde. 
- Ansvar for opplæring og rettleiing av medarbeidere. 
- Tverrfagleg samarbeid med andre tenester om ulike tenestetilbod. 

 Kvalifikasjonar 
- Godkjent utdanning som helsesjukepleier eller mastergrad klinisk sjukepleie med fagområde helsesjukepleie.  
- Erfaring frå arbeid med barn og unge, fortrinnsvis fra helsestasjonstenesta. 
- Leiarerfaring og vidareutdanning innan leiing blir vektlagt. 
- Ønskeleg med rettleiarkompetanse eller erfaring. 

I tillegg ønskjer vi at du er/har 
- Ein trygg, ysningsorientert, engasjert og fleksibel avdelingsleiar. 
- Evne til å spele andre god.  
- Er ein relasjonsbyggar. 
- Fagleg trygg og har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid. 
- Du ser på forbedring av tenesta som ein kontinuerleg prosess. 
- Du er robust og har høarbeidskapasitet. 
- Du er tydeleg og tilstades i avdelinga  
Vi legg vekt på personlege eigenskapar 

 Vi tilbyr 
- Ein spennande stilling, der du får jobbe som leiar og samtidig praksisnært. 
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. 
- Gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling. 
- Godt arbeidsmiljø. 
- Fleksibel arbeidstidsordning 

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson Marita Måge, tlf. 98809935, epost: mmag@bjornafjorden.kommune.no  

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Avdelingsleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

03.05.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Familiens hus - forebyggande helseteneste

Adresse:

Torggata 7 5200 Os

Kart: