Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar

Vil du vere med på å byggje opp eit nytt spennande team i kommunen vår?

Miljøterapeut/psykolog

Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar? Då håper vi du vil bli vår nye kollega.

Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. Her inngår Barneverntenesta, Førebyggande helse og eining for Barn, unge og familiar. Vi skal no etablere ei ny teneste med fokus på heilskapleg og fleksibel oppfølging av barn, ungdom og familiar. 

Teamet skal jobbe i heim, nærmiljø og skule med foreldre og barn/ungdom (10-18 år), der barna/ungdommane har alvorlege utfordringar knytt til psykisk helse, utagering, kriminalitet, vald og rus. I løpet av ei arbeidsveke skal du ha fleire treffpunkt med familiane du følgjer opp, samt møter med andre frå «laget rundt barnet/ungdomane» som skule, barnevern, psykisk helsevern osv.

Teamet skal vere fleksible på møtetidspunkt, og møtepunkta blir lagt til tider som passar for familiane. Ein må difor pårekna arbeid på ettermiddag/kveld. Til gjengjeld får du fleksibiliteten til å disponere tida di fritt, når du ikkje har møter. Arbeidsbelastninga per veke vil variere, og vert styrt av kva som skjer i kvar einskild oppfølging. Teamet består av 4 terapeutar og ein fagleiar/rettleiar som er fagleg og administrativt ansvarleg for teamet.

Vi søker 4 terapeutar i 100% stilling til nyoppretta Fleksibelt oppfølgingsteam.

Vi ønsker å tilsetje deg som er fagleg trygg, fleksibel og løysingsorientert. Vil du ha ein fleksibel arbeidskvardag og vere med på å utgjere ein forskjell for barn, ungdom og familiar, kan dette vere stillinga for deg!

Arbeidsoppgåver
- Individuelt arbeid med barn og unge og deira familiar
- Planlegge og iverksette tiltak etter kva barnet/ungdommen og familien har behov for
- Tverrfagleg samarbeid og koordinering av hjelpetilbod saman med andre hjelpetenester
- Rettleiing av samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar
- Du må ha minimum 3-årig høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan helse, sosial eller psykologi, gjerne på masternivå
- Relevant klinisk vidareutdanning og/eller erfaring
- Vi ønskjer at teamet samla har brei erfaring innan:
   arbeid med barn og unge
   arbeid med psykisk helse, åtferdsvanskar og rus
   familiearbeid/foreldrerettleiing
- Førarkort klasse B

I tillegg ønskjer vi at du er/har
- Fagleg trygg, engasjert og løysingsorientert
- Har blikk for barn sine meistringsstrategiar, og forståing for heilskap og samanheng i barnet sin kvardag
- Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid
- Komfortabel med å arbeide fleksibelt og ambulerande i ulike arenaer
- Du er robust, strukturert og har høg arbeidskapasitet
- Liker å jobbe i team og trives i et tverrfaglig miljø
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein kommune med høge ambisjonar på vegne av barn og unge
- Ein unik moglegheit til å vere med på å starte opp og utvikle eit nytt spennande tenestetilbod
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Vi tilbyr lønn basert på sentrale tariffavtaler og Bjørnafjorden kommune sin  lokale lønnspolitikk.
- Ubekvem arbeidstid vert kompensert med eit eiga tillegg på 100 000 kr pr år
- Terapeutane i teamet vil inngå i ein rullerande vaktordning på ettermiddag/kveld og helg, som vert kompensert med 40 000 kr pr år

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

26/4219

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag
Kveld

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Barnevernspedagog
Koordinator
Miljøterapeut
Pedagog
Psykolog
Rådgjevar
Sosionom

Stillingstype:

Fast
Heiltid

Søknadsfrist:

18.05.2026

Tiltreding:

10.08.2026

Arbeidsstad:

Familiens hus

Kontaktpersonar:

Linda Hevrøy

Stilling: Leiar

mob: +47 97156989

Adresse:

Torggata 7 5200 Os

Kart: