Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar

Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar?

Pedagogisk psykologisk rådgjevar

Blir du motivert av å arbeide med forebyggande tiltak, bruke kompetansen din i tverrfagleg samarbeid og finne fleksible løysingar for ulike utfordringar? Då er kanskje du den rette til å bidra i PPT sitt arbeid med å fremme eit inkluderande, likeverdig og tilpassa opplæringstilbod for barn og unge.

Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. I Familiens hus inngår Førebyggande helseteneste, Barneverntenesta og eininga Barn, unge og familiar. PPT er ei avdeling under Barn, unge og familiar. Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid med eit heilskapleg blikk for barnet sine behov er ei viktig satsing i vår kommune, og PPT er ofte ein viktig del av laget kring barnet.

PP-Tenesta i Bjørnafjorden har ledig 100% fast stilling som PP-rådgjevar 

Arbeidskvardagen i PPT er prega av høgt arbeidstempo, fleksibilitet og varierte arbeidsoppgåver. Bjørnafjorden PPT arbeider med barn og ungdom frå 0 år og ut 10. trinn i grunnskulen, og med vurdering av individuell tilrettelegging tilknytt vaksenopplæringa.

Pedagogisk Psykologisk Teneste skal samarbeide med og støtte einingane i det førebyggande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod, bidra med systemisk arbeid gjennom kompetanseheving til skular og barnehagar, samt utarbeide sakkunnige vurderingar på individnivå. Alle barnehagar og skular har eigen kontaktperson for dialog rundt behov for tenester.

Bjørnafjorden PPT består av aktive og engasjerte medarbeidarar med høg fagkompetanse. PPT skal bidra til at barn, føresette og samarbeidspartnarar opplever å bli møtt med respekt, og er ofte brubyggar inn til andre tenester. For å komplementere samla kompetanse i tenesta blir erfaring knytt til arbeid med ungdomsskuleelevar vektlagd.

Arbeidsoppgåver:
- Kontaktperson skule/ungdomsskule
- Deltaking i tverrfagleg samarbeid
- Kompetanseheving i skule på individ- og organisasjonsnivå
- Konsultasjons- og rettleiingsarbeid
- Utviklingsarbeid i Familiens hus og i PPT
- Utgreiings- og sakkunnigarbeid
- Rettleiing av studentar
- Andre oppgåver kan knytast til stillinga

Kvalifikasjonar:
- Psykolog eller pedagog fortrinnsvis med master i spesialpedagogikk/pedagogikk, eller anna relevant vidareutdanning
- Kompetanse på rettleiing og konsultasjon som arbeidsmetode
- Erfaring frå PPT er ein fordel
- Erfaring frå arbeid med ungdom på ungdomsskulesteget er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Ønskeleg med kompetanse eller erfaring knytt til psykisk helse og/eller åtferdsvanskar

I tillegg ønskjer vi at du har:
- Gode kommunikasjonseigenskapar og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta
- Evne til å jobbe godt i team
- Engasjert og fleksibel
- Endringsorientert
- Evne til å bidra positivt inn i eit arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vert vektlagd

Vi tilbyr:
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Positivt arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande avtalar

Det er nødvendig med førarkort klasse B og ein må pårekna noko bruk av eigen bil i tenesta for samarbeid med skular i heile kommunen.
Utanlandsk utdanning må vere godkjent av Direktoratet for høyerer utdanning og kompetanse(HK-dir):https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet.

Ved eventuell tilsetting er det krav om politiattest før oppstart.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktpersonar:
Annveig Myklebust Fjellstad, avdelingsleiar PPT
anfj@bjornafjorden.kommune.no  tlf 41 23 57 23

Linda Hevrøy, leiar for Familiens Hus
lihe@bjornafjorden.kommune.no  tlf 97 15 69 89

 

 

Del på:

Referansenummer:

26/4179

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Pedagog
Psykolog

Stillingstype:

Fast
Heiltid

Søknadsfrist:

10.05.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Familiens hus - PPT

Adresse:

Torggata 7 5200 Os

Kart: