
Bjørnafjorden og Samnanger legevaktsentral har ledige ferievikarstillingar
Ferievikarar Legevaktsentralen
Bjørnafjorden og Samnanger legevaktsentral treng ferievikarar for sommaren 2025. Er du utdanna sjukepleiar og heime med barn, held på med videreutdanning eller jobber innen andre deler av helsetenesta er dette ein unik mulighet til å jobbe ekstra og til å oppretthalda fagkompetanse. Som nyutdanna sjukepleiar er du og velkommen som søkjar. Du vil få god opplæring i et godt arbeidsmiljømiljø med høg fagleg kompetanse. Vaktene varierer fra nattevakter, seinvakter, dagvakter eller langvakter.
Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsette skal ha ferie i perioden 16.06.25-17.08.25 (veke 25 - 33). Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobbe. Vikarar som kan jobbe samanhengande, helst meir 4 veker, og kan dekke eit størst mogleg tidsrom av sommaren, vil bli prioritert. Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å sende inn søknaden din snarast.
Arbeidsstad
Vi held til i breredskapsbygget på Moberg, i same bygg som ambulansetenesta og Brann og redning.
Legevaktsentral for kommunane Bjørnafjorden, Samnanger og Austevoll.
Arbeidsoppgåver
Legevaktsentralen er ei akutt-teneste på dagtid og utanfor legekontora si arbeidstid. Med akutt hjelp meinast: "den helsehjelp som helsetenesta eller ein helsearbeidar er pliktig til å yte utan opphald eller snarast når hjelpa er påtrengande nødvendig for å avverge fare for akutt dødsfall, akutt betydeleg helsetap eller avhjelpe alvorlege smertetilstander».
Oppgåvene på legevakta er å svara på henvendelsar til legevaktsentralen. Jobbe i team med lege- og ambulansepersonell og handtera pasientar både på legevakta og ute i kommunane
Kvalifikasjonar
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar, om du er medisinerstudent m/lisens kan du og verta vurdert
- Du har gjerne relevant arbeidserfaring
- Du må ha sertifikat klasse B
- Du må kunne jobba sjølvstendig
- Du må ha generelle datakunnskapar
- Du må ha gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- Du må kunne beherska munnleg og skriftleg engelsk
- Det vert lagt særleg vekt på dine personlege eigenskapar
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
- God opplæring i et trygt miljø
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Lønn etter gjeldende avtaler
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløp søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/1528
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Helg
Kveld
Natt
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Medisinstudent m/lisens
Sjukepleiar
Stillingstype:
Ferievikar
Tilkallingsvikar
Søknadsfrist:
31.03.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Legevaktsentralen på Moberg
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Torggata 5209 OS