Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

Ferievikarar - Heimetenester Eikelandsosen/Baldersheim

Ferievikarar 2025- veke 25 - 33
Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis? Kan ferievikariat i Heimetenesta – Eikelandsosen eller Baldersheim vera noko for deg?

Vi ser etter deg som er glad i menneske, løysingsorientert, pliktoppfyllande og arbeidsam. Du treng ikkje ha erfaring frå helse- og omsorgsarbeid for å vere ferievikar hos oss - og du treng heller ikkje ha planar om å ta utdanning innan dette feltet. Du kan vere ung, vaksen eller godt vaksen. Personlege eigenskapar og innstillinga di er det viktigaste for oss, og du vil få opplæring

Arbeidsstad
Vi treng ferievikarar ved dei ulike avdelingane i heimetenestene:

Baldersheim gr 1: heimesjukepleie, heimehjelp og reinhaldar.
Eikelandsosen gr 2: heimesjukepleie og heimehjelp.
Dagsenter for eldre og for personar med demens

Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden
Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.
Vi ønskjer at du kan jobba minst 4 veker i samanhengande periode om sommaren.

Arbeidsoppgåver

  • Pleie- og omsorg til heimebuande pasientar
  • Aktivisering og praktisk hjelp til pasientar på dagsenter, organisering av måltid og køyring til og frå heimen
  • Heimehjelpa yter praktisk bistand i heimane til brukarane

Kvalifikasjonar
Vi søkjer primært etter:

Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, aktivitør, assistentar, studentar innan Helsefag. Søkjarar med anna erfaring vil også bli vurderte.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre.
  • Du må vera fleksibel, lojal og pliktoppfyllande.
  • Gode kommunikasjonsevner og godt humør er også ein føresetnad.

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande avtalar - med eigen avlønning for studentar med relevant utdanning.

Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer fortløpande etterkvart som avdelingane er ferdig med å planlegge ferieavviklinga. Det vert ikkje sendt avslagsbrev til søkjarar som ikke får tilbod om jobb.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/10376

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag
Helg
Kveld
Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Helsefagarbeidar
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Ferievikar

Søknadsfrist:

01.04.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Eikelandsosen / Baldersheim

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kart: