Fast 63 % stilling som vaken nattevakt
Vil du ha ein meiningsfull jobb der du gjer ein reell forskjell for menneske i sårbare livssituasjonar? Vi søkjer ein trygg og engasjert nattevakt til døgnbemanna bustadtiltak for rusavhengige med 16 leilegheiter.
Om arbeidsgivaren
Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 tilsette. Vi er ein nær og inkluderande kommune med visjonen: «Det gode liv for alle». Som medarbeidar hos oss bidreg du til viktige samfunnsoppgåver som gjer ein forskjell for både innbyggjarar og lokalsamfunnet.
Avdeling Miljø og aktivitet tilbyr ambulerande helsehjelp, oppfølging i eigen bustad og ulike tenester til menneske med samansette behov. Du blir ein del av eit fagmiljø som gir oppfølging til personar med rus- og psykiske helseutfordringar, med fokus på meistring, tryggleik og livskvalitet.
Om stillinga
63,64 % fast stilling
Vaken nattevakt i turnus
Arbeid kvar tredje helg
Vakttid: 22:00–07:30
For tida knytt til avdeling Miljø & aktivitet Vartun oppfølgingsteneste, Industrivegen 8, 5210 Os.
Du blir ein del av eit fagmiljø som gir oppfølging til personar med rus- og psykiske helseutfordringar, med fokus på meistring, tryggleik og livskvalitet.
Arbeidsoppgåver
Sikre ro, tryggleik og oppfølging gjennom natta
Yte fagleg forsvarlege tenester til bebuarar samt inngå som kollegastøtte for Bufellesskap Psykisk helse.
Leggje til rette for livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging
Bidra til godt samarbeid og arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Relevant helse-/omsorgsutdanning
Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Du er sjølvstendig og fungerer godt i tverrfagleg samarbeid
Trygg og tydeleg i møte med menneske
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Gode relasjonelle ferdigheiter
Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
Eit sterkt fagmiljø og godt arbeidsmiljø
Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
Lønn etter gjeldande avtaleverk
For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ein jobb med meining der du gjer ein forskjell
Politiattest krevst før tilsetjing.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
26/1640
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Natt
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Sosionom
Vernepleiar
Stillingstype:
Deltid
Fast
Søknadsfrist:
02.03.2026
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Vartun
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os