Bjørnafjorden kommune Os ungdomsskule

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Undervisningsstillingar ved Os ungdomsskule

Undervisningsstillingar ved Os ungdomsskule – skuleåret 2026– 2027

Os ungdomsskule har ledige faste undervisningsstillingar og vikariat/engasjement frå 1. august 2026.
Vi søkjer engasjerte lærarar som ønskjer å vere ein del av eit profesjonsfellesskap med høge ambisjonar for elevane si læring, utvikling og trivsel.

Om stillingane
Stillingane er ledige frå 1. august 2026 og gjeld for skuleåret 2026–2027.
Inntil 150% vikar på huset
Inntil 500 % vikarstillingar.
Inntil 400 % fast stilling
Tilsetjing i fast stilling skjer i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk. Vi søkjer lærarar som vil bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø, gode faglege resultat og ein skule der alle elevar opplever meistring og utvikling.

Om skulen
Os ungdomsskule ligg sentralt i Os sentrum og har om lag 490 elevar og 60 tilsette, organiserte i 5–6 klassar på kvart trinn. Skulen har god tilgjenge til Bergen og omkringliggjande kommunar, både med bil og kollektivtransport, og er eit attraktivt arbeidsstad også for lærarar som pendlar.
Verdigrunnlaget ved skulen byggjer på meistring, tryggleik og anerkjenning. Arbeidet er forankra i LK20, med vekt på skuleutvikling, livsmeistring og vurdering for læring gjennom tydelege mål og aktiv elevmedverknad. Skulen tilbyr mentorordning og faste nettverk for nyutdanna og nytilsette lærarar.
Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde. 

Arbeidsoppgåver
Stillingane inneber undervisning i eitt eller fleire fag på ungdomstrinnet og kontaktlæraroppgåver der dette er aktuelt. Arbeidet omfattar planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning i tråd med læreplanverket, samt oppfølging av enkeltelevar og elevgrupper i samarbeid med kollegaer og støtteapparat. Undervisningsoppgåvene blir tilpassa skulen sine behov og søkjaren sin samla kompetanse. Kontaktlæraroppgåver inneber ansvar for både fagleg og sosial oppfølging av elevane, samarbeid med føresette og kollegaer, og arbeid med klassemiljø og elevmedverknad for å sikre eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Den som blir tilsett, må rekne med å delta aktivt i profesjonsfellesskapet og i pedagogisk utviklingsarbeid ved skulen.

Faglege behov
Skulen har særleg behov for lærarar med kompetanse i: Norsk, engelsk, matematikk, naturfag, tysk, spansk, spesialpedagogikk.
Samt praktisk estetiske fag: Kunst og handverk, mat og helse, kroppsøving, musikk, arbeidslivsfag.

Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på. Vi søkjer trygge og utviklingsorienterte klasseleiarar med god relasjonskompetanse og medvit om vurdering for læring. Samarbeidsevne, fleksibilitet og løysingsorientering er sentrale eigenskapar

Kvalifikasjonar
Søkjarar må ha godkjend lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. I tråd med opplæringslova krev vi tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Vi tilbyr
Os ungdomsskule tilbyr faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Løn og arbeidsvilkår er i tråd med gjeldande avtalar. Tilsette har gunstig pensjonsordning i Statens pensjonskasse, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Bjørnafjorden kommune arbeider målretta for å etablere heiltidskultur.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Kontakt
Diana Johansen Rektor, Os ungdomsskule
E-post: diajoh@bjornafjorden.kommune.no
Telefon: 404 31 787

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement
Fast
Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid
Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Lærar

Stillingstype:

Engasjement
Fast
Vikariat

Søknadsfrist:

01.03.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Os ungdomsskule

Adresse:

Oshaugen 6 5202 Os

Kart: