Vil du ha ein meiningsfull jobb der du gjer ein reell forskjell for menneske i sårbare livssituasjonar?
56% fast stilling som kvilande nattevakt
Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 tilsette. Vi er ein nær og inkluderande kommune med visjonen: «Det gode liv for alle». Som medarbeidar hos oss bidreg du til viktige samfunnsoppgåver som gjer ein forskjell for både innbyggjarar og lokalsamfunnet.
Askviknes oppfølgingsteneste gir avlasting og oppfølging til fem bebuarar med samansette og diagnoseuavhengige utfordringar. Målet er å fremje utvikling, sjølvstende og meistring i eige liv. Tenestene blir tilpassa individuelle behov og har særleg fokus på praktisk bistand og sosial støtte. Du blir ein del av eit fagmiljø som arbeider målretta for tryggleik, stabilitet, meistring og livskvalitet for bebuarane.
Om stillinga
- 56,34 % fast stilling (avlønna 28,17 %)
- Kvilande nattevakt i turnus
- Arbeid kvar tredje helg
- Vakttid: 22:00-08:00
- Kvilande periode: 00:00-07:30 (avlønna i forholdet 1:3)
- Stillinga er i hovudsak kvilande, men ein må rekne med vekking ved særskilde behov
- For tida knytt til avdeling Askviknes oppfølgingsteneste, Askvikneset 58, 5217 Hagavik
Arbeidsoppgåver
- Sikre ro, tryggleik og oppfølging gjennom natta
- Yte fagleg forsvarlege tenester til bebuarar
- Leggje til rette for brukarmedverknad, livskvalitet og førebygging
- Bidra til godt samarbeid og eit positivt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Relevant helse-/omsorgsutdanning er ønskjeleg
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du arbeider sjølvstendig og fungerer godt i tverrfagleg samarbeid
- Trygg og tydeleg i møte med menneske
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Gode relasjonelle ferdigheiter
- Personleg eignaheit blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Eit sterkt fagmiljø og godt arbeidsmiljø
- Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein jobb med meining der du gjer ein forskjell
Politiattest krevst før tilsetjing.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.
Attestar og vitnemål skal takast med til eventuelt intervju. Vi ber aldri om BANK-ID-opplysningar i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Natt
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar
Stillingstype:
Deltid
Fast
Søknadsfrist:
26.02.2026
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Askviknes oppfølgingsteneste
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os