Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Er du sjukepleiar eller vernepleiar og brenn for eldreomsorg?

Sjukepleiarar/vernepleiarar

Vi har ledige stillingar med arbeid i turnus for engasjerte sjukepleiarar/vernepleiarar som vil vere med å bidra til utvikling av tenestene ved Luranetunet bu- og behandlingsenter, er det deg?
Luranetunet bu- og behandlingssenter ser på ulike måtar å organisere arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og ha rett kompetanse på rett plass. Vi treng deg som ønskjer å være med å vidareutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheiter framfor begrensingar.

Som tilsett på Luranetunet bu- og behandlingssenter vil du få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingar. Dette skapar varierande arbeidskvardagar, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike område. Du får jobbe tverrfagleg og blir godt kjent med alle yrkesgrupper og du må vera førebudd på å bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.

Kvifor jobbe ved Luranetunet

  • Du vil få store variasjonar i arbeidsoppgåver og gode muligheter for å bygge kompetanse
  • Luranetunet har eit lærande miljø med mange elevar, studentar og lærlingar
  • For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
  • For arbeid på natt i tillegg kr 40.000 på årslønn
  • Kommunen har gode vilkår for stønad til  vidareutdanning
  • Godt arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandre
  • Gunstige pensjons- og forsikringsordningar

Kven ser vi etter?
Denne typen jobb passer for deg som:

  • har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar (gjerne med relevant vidareutdanning)
  • har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg
  • er fagleg engasjert og oppteken av læring og utvikling
  • er trygg, ansvarsfull og har gode samarbeidsevner
  • evner å forhalde deg til mange kollegaer og som ikkje er avhengig av faste rammer
  • bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet og er fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver 

Om arbeidsplassen
Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 175 plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har både rehabilitering, behandling og avdelingar spesielt tilrettelagt for personar med demens.

Hos oss står bebuarane sine livshistorier og behov i sentrum – vi ser alltid personen bak sjukdommen. Vår visjon er «Varme og vekst i samspel», noko som speglar både omsorga for bebuarane, utviklingsmoglegheitene for dei tilsette og det gode miljøet i og rundt tropehagen vår på 1300 m².

Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: 
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no) 

Praktisk informasjon

  • Vi ønskjer fortrinnsvis søkjarar i store stillingar, men er fleksible på stillingsstorleik
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet 
  • Politiattest må leggast fram før oppstart
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
  • Søknader blir vurderte fortløpande, så send søknad snarast

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag
Helg
Kveld
Natt
Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Fast
Heiltid

Søknadsfrist:

01.03.2026

Tiltreding:

Snarast/etter avtale

Arbeidsstad:

Alle avdelingar

Kontaktpersonar:

Elena Larsen

Stilling: Konst. ass. einingsleiar

mob: +47 952 74 442

Hilde Karin Storum

Stilling: Konst. einingsleiar

mob: +47 976 70 717

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kart: