Bjørnafjorden kommune Nore Neset ungdomsskule

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Fagarbeidar ved Nore Neset ungdomsskule

Nore Neset ungdomsskule har ledig inntil 2 x 76% stillingar, fast og vikariat, som fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeidarfaget skuleåret 2026 - 2027.

Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde. 

Arbeidsstad
Nore Neset ungdomsskule.

Arbeidsoppgåver
Arbeid med elevar i klassar og grupper på ungdomstrinnet.

Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne og ungdomsarbeidarfaget, eller anna relevant utdanning. 
Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. 

Er du ufaglært og har interesse for arbeid med barn og unge er du også velkomen til å søke, og di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve til relevans.

Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Eigenskapar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som at:
-  du har eit positivt menneskesyn
-  du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
-  du er positiv og lærevillig
-  du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Her kan du lese meir om pensjonsordninga i Storebrand.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast
Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid
Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Fagarbeidar

Stillingstype:

Deltid
Fast
Heiltid
Vikariat

Søknadsfrist:

01.03.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Nore Neset ungdomsskule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: