Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Fagarbeidar ved Borgafjellet barneskule
Ledig fast stilling som fagarbeidar i 100% frå 01.08.26
Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde.
På Borgafjellet barneskule står vi saman, med respekt og rom for alle.
Arbeidsstad Borgafjellet barneskule
Borgafjellet barneskule ligg på Hjelle, ved inngangen til Hegglandsdalen. Skuleåret 2025/2026 har vi 250 elevar og om lag 35 tilsette. På SFO har vi om lag 100 elevar.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lager vi gode rammer rundt barna.
Arbeidsoppgåver
Arbeid på skule rundt enkeltelevar, i grupper og som støtte i undervisning.
Denne stillinga følgjer SFO og ferie-sfo.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar eller barn- og ungdomsarbeidar er ønskeleg
- Kompetanse innan ASK, taktil kommunikasjon, teiknspråk og ADL
- Interesse for arbeid med elevar med samansette behov
- Roleg, tydeleg og trygg i krevjande situasjonar
- Evne til å halde fokus og arbeide systematisk
- Lærevillig og open for fagleg utvikling
- Gode samarbeidsevner
- Erfaring med SFO er ein fordel
Eigenskapar
Vi legg vekt på personlege eigenskapar, og ser etter deg som:
- er lyttande, raus og samarbeidsorientert
- har gode reguleringsevner
- møter elevar med respekt, tolmod og verdigheit
- forstår eigen rolle i eit større fagleg system
- ønskjer å bidra til eit trygt og utviklande miljø – også når arbeidet er krevjande
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson
Gunnhild Astrup Hansen, rektor, mobil: 415 16 433, han@bjornafjorden.kommune.no
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Fagarbeidar
Stillingstype:
Fast
Heiltid
Søknadsfrist:
01.03.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Borgafjellet barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Hegglandsdalsvegen 99 5200 Os