Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Fagarbeidar ved Os barneskule
Vi har ledig fast 89% stilling eller meir som fagarbeidar i skule og SFO.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Bjørnafjorden kommune med ca. 26.000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Hausten 2022 opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid.
Arbeidsstad
Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2025–2026 har vi ca. 211 elevar og 31 tilsette. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt barna. Visjonen vår er "Livsglede og lærelyst". Les gjerne meir om skulen på nettsida: http://www.osbarn.gs.hl.no
Arbeidsoppgåver
Som fagarbeidar på Os barneskule skal du følgje opp elevar og elevgrupper med ulike utfordringar. Du skal samarbeide tett med lærarar, miljørettleiarar og fagarbeidarar og bidra til å skape ein Vi -kultur rundt arbeidet mot elevar og dei føresette. Denne stillinga er tenkt både i skule og SFO.
Kvalifikasjonar
Fagbrev som fagarbeidar, lang erfaring og personlege eigenskapar kan vege opp for dette.
Eigenskapar
Som fagarbeidar på Os barneskule må du like å skape gode relasjonar til elevane gjennom . Du møter alle barn med respekt og varme, og er ein trygg og raus person i møte med elevar som har ulike utfordringar. Vi søkjer deg som er leiken, robust og har kunnskap om og erfaring med traumebevisst omsorg. Du må vere førebudd på ein hektisk arbeidskvardag med meiningsfylte arbeidsoppgåver.
I skulen er læringa viktig, og i møte med elevane skal vi motivere til læring, både i tradisjonelle og meir alternative opplæringsarenaer. Inkludering er viktig på Os barneskule, og alle barna skal tilhøyra fellesskapet. Vi søker difor deg som er god til å sette i gang aktivitetar både i skulekvardagen og på SFO.
Søkarane vil bli vurdert i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktpersonar:
Laila Aarbakke, rektor, tlf. 47670291
Stian Lunde, avdelingsleiar, tlf. 93038850
Camilla Fløysand, avdelingsleiar, sfo og 1. trinn, tlf. 98683984
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Fagarbeidar
Stillingstype:
Deltid
Fast
Heiltid
Søknadsfrist:
01.03.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Os barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Giskavollen 20 5200 Os