Helsefagarbeidar - 100 % fast
Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar på Demensarbeidslaget hos Heimetenester Os. Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale. Stillinga har blanding av langvaktturnus og vanleg dag/ aftenvakter.
Arbeidsstad
Heimetenester Os - Demensarbeidslaget
Arbeidsoppgåver
- Utøva demensomsorg som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Jobbe miljøretta og utføre tillitskapande arbeid heime hos brukar
- Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Samarbeide med og rettleie yrkesgruppar innan eige fagområde
- Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Førarkort kl. B.
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.)
- Det vil vere ein fordel at søkjar har erfaring frå å jobba med demente, men er ikkje eit krav
- Det er ønskjeleg at søkjar har teke ABC-demensopplæring
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Løysningsfokusert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Like å jobbe tverrfagleg samen med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, og assistentar
- Ønske om å gjera ein forskjell for både kognitiv friske, og dei som har demens
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
26/2935
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Helsefagarbeidar
Stillingstype:
Fast
Heiltid
Søknadsfrist:
12.04.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Demensarbeidslaget
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Holen 1 5200 OS