Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os

Sjukepleiar - 80 % vikariat

Vi har ledig 80 % stilling i vikariat frå snarast til 31.08.2027. Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale.

Arbeidsstad
Heimetenester Os - Avd. 3

Heimesjukepleien er ein fin arbeidstad der du får arbeide med flotte tilsette. Vårt mål er at alle brukarar skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert og innimellom litt uforutsigbart. Vi ønskljer ein fleksibel og løysningsorientert tilsett og håpar at du vil vere med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
  • Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
  • Dokumentera helsehjelp i Profil
  • Samarbeide med og rettleie yrkesgruppar innan eige fagområde
  • Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
  • Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleier eller anna med relevant høgskuleutdanning
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Førarkort kl. B.
  • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.)

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar
Vi ønskjer ein person som er:

  • Løysningsfokusert og som har gode kommunikasjons -og samarbeidsevner
  • God motivator og støtte for brukarar, og pårørande

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

26/2937

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Sjukepleiar

Stillingstype:

Deltid
Vikariat

Søknadsfrist:

12.04.2026

Tiltreding:

Snarast / Etter avtale

Arbeidsstad:

Avdeling 3

Kontaktpersonar:

Hilde Hjelle

Stilling: Avd. leiar

tlf: +47 418 63 003

mob: +47 404 84 860

Adresse:

Holen 1 5200 OS

Kart: