Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Vernepleiar /sjukepleiar

100% fast stilling i turnus ledig frå 17.02.2026.

Arbeidsstad
Søfteland bufellesskap 
Søfteland bufellesskap er det nye bufellesskap under Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune. Vi søkjer fagleg, engasjert og varm vernepleiar eller sjukepleiar til 100 % fast stilling i turnus (ordinære dag- og kveldsvakter, samt langvakter på helg; m/arbeid kvar 4. helg). 

Om arbeidsstaden
Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene, for vaksne, omfatter ni bufellesskap og to dagsenter. 
Søfteland bufellesskap ligg i eit etablert bustadområde på Søfteland, ca.10 minutt frå Os sentrum. Her bur seks unge, vaksne, tenestemottakarar med varierande og samansette funksjonsnedsettingar. Vi er i ein spennande oppstartsfase og ønskjer nye kollegaer som vil vere med å forma og vidareutvikla ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass.

Arbeidsoppgåver

  • Yta eit heilskapleg, fagleg og personsentrert omsorgstilbod med fokus på livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging
  • Sikra bistand i daglege gjeremål og sosiale aktivitetar, inkludert følgje til dagsenter
  • Ansvar for medisinhandtering
  • Bidra til ei trygg og føreseieleg ramme for kvar tenestemottakar gjennom støtte, omsorg og struktur
  • Samarbeid med pårørande, verge, fastlege, spesialisthelsetenesta m.m., samt delta i samarbeidsmøter
  • Observasjon og dokumentasjon i EPJ
  • Utføre målretta miljøarbeid og oppfølging av tiltak
  • Ha primær- eller sekundærkontaktansvar.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som vernepleiar eller sjukepleiar (autorisasjon)
  • Erfaring frå målretta miljøarbeid er ønskjeleg. Erfaring frå eldreomsorg eller psykisk helsearbeid kan òg vere relevant
  • Bevisst på eigne haldningar, og jobbar i tråd med verdiane respekt, lojalitet og etikk
  • Fagleg engasjert og nysgjerrig på kartlegging og utvikling av tenestene
  • Gode samarbeidsevner, men òg trygg på sjølvstendig arbeid
  • Strukturert, løysingsorientert og kvalitetsbevisst
  • Førarkort klasse B er ønskjeleg men ikkje eit krav.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø, og med høg kompetanse og fokus på meistring og utvikling for bebuarane.
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. For Sjukepleiarar og vernepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell.
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Vi vil kalla inn til intervju fortløpande og etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Vernepleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

09.01.2026

Tiltreding:

17.02.2026

Arbeidsstad:

Søfteland bufellesskap

Kontaktpersonar:

Anne Turi Kvittingen

Stilling: Ass.einingsleiar

mob: +47 977 91 542

Dina Basko-Cepule

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 413 74 633

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: