Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester

Ledig fastlegeheimel i Bjørnafjorden kommune

Fastlegeheimel - Flåten legesenter

Flåten legesenter i Bjørnafjorden kommune har ledig heimel for næringsdrivande fastlege i nullheimel under opparbeiding med ekstra kommunalt basistilskot. Heimelen har per 19.11.25 556 pasientar og har eit listetak på 800 pasientar.
Bjørnafjorden har vakker natur, gode moglegheiter for friluftsaktivitetar og eit rikt kulturliv. Vi har i dag 30 fastlegar fordelt på 6 legesenter.
Flåten legesenter held til på Flåten Amfisenter og har heilt nyoppussa lokalar.Det er tilgang til gratis parkeringsplassar på senteret. Legesenteret har tre ALIS og tre spesialistar i allmennmedisin. Vi har òg fire dyktige helsesekretærar.
Flåten legesenter er eit stabilt fastlegekontor med erfarne legar og helsesekretærar. Heimelen er under opparbeiding og mottar kommunal støtte i etableringa.

Vi søkjer ein engasjert lege til å bli ein del av vårt sterke fagmiljø og trivelege arbeidsfellesskap. Oppstart 1. mai 2026. Tidlegare oppstart kan avtalast.

Flåten legesenter er organisert som DA, der kvar heimelshavar har lik ansvarsdel. Heimelshavar inngår internavtale med dei andre deltakarane og kjøper seg inn i kontoret sitt fellesutstyr. Eventuelle oppgåver blir fordelte internt.
Ta gjerne kontakt med legesenteret for spørsmål rundt drift.

 Bjørnafjorden kommune tilbyr:

  • Basistilskot: Kommunen betaler ut statleg og kommunalt basistilskot på til saman kr 1000,- per pasient per år, for opp til 1000 listeinbyggarar. 
  • Moglegheit for reduserte pasientlister om du ønskjer det.
  • Gjenkjøpsgaranti av fastlegeheimel: Om du vil avvikle i løpet av dei fem første åra, garanterer kommunen for tilbakekjøp av heimel. 
  • Dekking av praksisutgifter ved behov for vikar
  • 60 % kompensasjon ved sjukefråvær for barn under 12 år i inntil 10 dagar per år. For ALIS-legar også ved eigen sjukdom.
  • Fastlønn for legevakt.

 Legekontoret tilbyr:

  • Eit velorganisert og -etablert legesenter. Eige laboratorium og skiftestue. Stabil drift og gode interne avtaler.
  • Infodoc, Plenario journalsystem, Norsk Helsenett, e-resept, Trinnvis kvalitetssystem.
  • Eit velutstyrt kontor med EKG, 24-timars blodtrykksmålar, spirometri, nitrogentank til kryo.
  • Pasientliste med listetak på 800 pasientar. 556 pasientar per i dag. Dette gir rom for ALIS-aktiviteter og god oppfølging av pasientar – i balanse med privat- og familieliv.
  • Fastlegeheimelen inngår i eit delt ansvar (DA) med selskapsavtale og internavtale.
  • Vilkår for overdraging blir avtalt direkte med noverande heimelshavar, i tråd med sentrale avtalar.

 Gode vilkår for ALIS

  • Rettleiing og individuell utdanningsplan tilsvarande krava i spesialistforskrifta.
  • ALIS-ordninga dekker praksiskompensasjon ved fråvær frå fastlegepraksis i samband med læringsaktivitetar og rettleiing, inkludert førebuing
  • 60 % kompensasjon ved sjukefråvær for deg/barn under 12 år i inntil 10 dagar per år (fram til sjukeavbrotsforsikring gjeld).
  • Kommunen dekker utgiftene til læringsaktivitetar som ikkje blir dekte av Legeforeningen.
  • Eigen kommunal ALIS-koordinator.

Som næringsdrivande fastlege i kommunen har du god moglegheit til å utforme praksisen din slik du ønskjer.

 Om Bjørnafjorden kommune:

  • 20 min til Bergen sentrum og 20 minutt til næraste flyplass (Flesland)
  • God barnehagedekning
  • Rikt kultur- og idrettsliv
  • Svært gode friluftsmoglegheiter!

Vi søkjer deg som:

  • er utdanna lege​ med norsk autorisasjon​, ønskjer spesialisering eller er lege i spesialisering eller spesialist i allmennmedisin.
  • du meistrar norsk munnleg (nivå B2), engelsk munnleg og kan skrive på norsk
  • Er fagleg engasjert og opptatt av god pasientoppfølging.
  • Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø.
  • Har gode personlege eigenskapar.

Kontaktpersonar ved Flåten legesenter:
Fastlege: Thore Jakobsen, tlf. 47 35 99 36, e-post: thorejak@gmail.com
Heimelshavar: Haakon S. Myran tlf. 92 49 31 55 e-post: haakon.sortland.myran@gmail.co

Kontaktperson i Bjørnafjorden kommune:
Einingsleiar legetenester: Beate Moberg tlf. 95 20 15 11, e-post: bem@bjornafjorden.kommune.no 

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Send søknad med CV til: bem@bjornafjorden.kommune.no

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Lege

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

10.01.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Flåten legesenter

Kontaktpersonar:

Beate Moberg

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 952 01 511

Thore Jakobsen

Stilling: Fastlege

mob: +47 473 59 936

Adresse:

Torggata 5209 OS

Kart: