Bjørnafjorden kommune Nore Neset ungdomsskule

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Undervisningsstilling vikariat ved Nore Neset ungdomsskule

Nore Neset ungdomsskule har ledig undervisningsstilling i vikariat slik:

Om lag 80% vikariat undervisningsstilling som kontaktlærar f.o.m. 02.03.26 t.o.m. 23.06.26.

Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygt og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår.

Satsingsområda våre er trygge og inkluderande skulemiljø og lesing i alle fag som grunnleggande ferdigheit.

Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Nore Neset ungdomsskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2025-2026 har skulen 470 elevar. Verdigrunnlaget vårt bygger på tre fokusområde: "Meistring, tryggleik og anerkjenning". Forsking viser at elevane har størst utbyte av læringsarbeid saman med klassen, og vi organiserer opplæringa i basisfaga med å dela klassegrupper.

Du kan lesa meir om Nore Neset ungdomsskule på nettsida vår: www.nnus.no 

Arbeidsoppgåver
Kontaktlæraroppgåve og undervisning i fleire fag på ungdomstrinnet. 

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vera godkjent av HK-dir.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stilling.

Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.

Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital opplæring
- er fleksibel og har evne til å finna gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skapa gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer

Skulen har behov for kompetanse innan faga norsk, engelsk og krle. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillingar kan du lesa meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil søkaren bli varsla om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Lærar
Undervisning

Stillingstype:

Deltid
Vikariat

Søknadsfrist:

27.11.2025

Tiltreding:

02.03.2026

Arbeidsstad:

Nore Neset ungdomsskule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: