Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spennande praksis eller ein meiningsfull feriejobb? Då kan kanskje ferievikariat i eining for psykisk helse og rus vera noko for deg.

Ferievikarar - psykisk helse og rus

Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsetja skal ha ferie i perioden 23.06.25-17.08.25 (veke 26 - 33). Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobba. Vikarar som kan jobba samanhengande, helst 4 veker, og dekkja eit størst mogleg tidsrom av sommaren vil bli prioritert. Tilsetjing vil bli gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast. 

Dersom du har bestemde ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkjefølgje i søknaden, helst ønskjer. Du vil få ein meiningsfull sommarjobb med mange interessante og varierande oppgåver, og godt samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer. Her har du ein god moglegheit for å skaffa deg spennande praksis og yrkesrøynsle.

Behovet for ferievikarar gjeld i eining for psykisk helse og rus, i avdelingane:

  • Bufellesskap psykisk helse
  • Miljø og aktivitet
  • Askviknes oppfølgingsteneste
  • Psykisk helseteam.

Vi har ulike vaktordningar som t.d. langvakter, vaken nattevakt og kvilande nattevakt. Du vil bli kontakta for samtale der slike ønskjer kan avklarast.

Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju.

 

Kvalifikasjonar:

  • Som ferievikar ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp. Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja.
  • Ønskjeleg med sertifikat.
  • Du er engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å jobba med menneske
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du har god norsk munnleg og skriftelg framstillingsevne
  • Dine personlege eigenskapar vil bli lagde vekt på
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi kan tilby

  • Løn etter gjeldsande avtalar, studentlønnsutbetaling for relevant utdanning
  • Ekstra tillegg for arbeid på natt
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

 

Etter utgått søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

Del på:

Referansenummer:

25/1256

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong
Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid
Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Ferievikar

Søknadsfrist:

02.03.2025

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Alle avdelingar

Kontaktpersonar:

Avdelingsleiar ambulerande miljøtenester Marianne Baldersheim

mob: +47 948 19 627

Avdelingsleiar Grantun Åse Kristin Uglehus

mob: +47 995 33 798

Avdelingsleiar psykisk helse Olaug Sælen Steen

mob: +47 980 67 514

Avdelingsleiar Vartun Per Gunnar Lunde Oseng

mob: +47 483 54 966

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: