Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os

Helgestillingar - Heimetenester Os

Har du eit hjarta for eldreomsorg med ønske om ein god arbeidsplass og spennande utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!

Vi har ledig faste helgestillinger i omlag 12 % stilling frå snarast.

Arbeidsstad
Heimetenester Os - Fleire avdelingar

Arbeidsoppgåver
Vårt mål er at alle brukarar skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Stillinga inneber difor praktisk bistand i private heim. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. 
Du vil sjølvsagt får opplæring der arbeidsoppgåvene i hovudsak er;

  • Pleie og miljøarbeid i brukar sin heim t.d;
    - Personleg hygiene
    - Tilberede mat
    - Administrere og utlevere medisner 
    - Motivere brukar til å vere best i stand til å klare seg sjølv
    - Snakke med og støtte brukar

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeidarelever, sjukepleiarstudenter og andre med relevant helsefagleg erfaring
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Andre uten helsefagleg erfaring/utdanning kan og søkje
  • Førarkort kl. B
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Bestått Norsk-kurs nivå B1/B2, for søkjarar utanfor Norden

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein positiv, motivert og engasjert medarbeidar
  • Du er nytenkande, løysningsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. Vi har studentavlønning. 
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

25/6103

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Ergoterapeut
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Reinhaldsoperatør
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Deltid
Fast
Helgestilling

Søknadsfrist:

13.04.2025

Tiltreding:

Snarast / Etter avtale

Arbeidsstad:

Fleire avdelingar

Adresse:

Holen 1 5200 OS

Kart: