Bjørnafjorden kommune Strøno barneskule

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Undervisningsstilling ved Strøno barneskule

På Strøno barneskule har vi har ledig inntil 100 % stilling som lærarvikar for skuleåret 2025-2026

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Vi har og som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar.

Arbeidsstad
Strøno barneskule er ein få-delt skule på øya Strøno, i Bjørnafjorden kommune.  På det jamne er vi rundt 50 elevar og 10 tilsette. Vi ligg flott plassert med naturen tett på og gode fasilitetar for ein aktiv skuledag, og SFO gjennom heile skuleåret.
Aldersblanding og klassetrinn som går ilag gjer at alle kjenner alle, noko som skaper eit trygt og oversiktleg miljø. Strøno barneskule skal vere ein trygg stad for utvikling og vekst for elevar og tilsette. 
Vår visjon er «Elevar i aktivitet og læring». Satsingsområda våre tek utgangspunkt i LK20 og vi jobbar kontinuerleg med grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning. Godt skule- og læringsmiljø er i fokus. SFO har utgangspunkt og forankring i den nye rammeplan for SFO.

Arbeidsoppgåver
Undervisning i fleire fag på ulike årssteg i barneskulen.

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning, frå høgskule eller universitet.

Vi har spesielt behov for søkjarar med formell undervisningskompetanse i faga matematikk, naturfag og samfunnsfag for 1.-7. trinn. Livredningskurs for/i vatn, inne og ute, er ein fordel.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Vi ønskjer ein strukturert, stabil og tydeleg medarbeidar, med gode evner til å kommunisere, og som er glad i å jobbe med born.

Vi søker etter medarbeidarar som:
- har god fagleg- og pedagogisk  kompetanse
- er fleksibel, løysingsorientert, omsorgsfull, inkluderande og raus
- har gode evner til samarbeid og å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan aktiv- og praksisretta undervisning
- evnar å imøtekomme/støtte barn med komplekse utfordringar
- godt humør

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og skulen sitt behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn på intervju. 

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen 

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

Del på:

Referansenummer:

25/19944

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid
Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Lærar
Undervisning

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

09.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Strøno barneskule

Kontaktpersonar:

Kjersti Tysse Plätzer

Stilling: Rektor

mob: +47 41325668

Adresse:

Strønevegen 455 5218 Os

Kart: