
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Miljørettleiar/fagarbeidar ved Borgafjellet barneskule
Vi har ledig 89 % vikariat med oppstart 01.08.25-31.12.25 med moglegheit for forlenging.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Arbeidsstad
Borgafjellet barneskule ligg på Hjelle, ved inngangen til Hegglandsdalen. Skuleåret 2024/2025 har vi 265 elevar og om lag 35 tilsette. Skulen er ein to parallell skule.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt barna.
Arbeidsoppgåver
Arbeid med elevar på småtrinnet og mellomtrinn i skulekvardagen. Samarbeid med dei ulike faggruppene i skulen og vere med på å utvikle og følgje opp alternative opplæringsmåtar i skulekvardagen. Våre nye medarbeidarar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen.
Arbeid både på skule og SFO.
Kvalifikasjonar
Utdanning frå høgskule eller universitet som kvalifiserer til stilling som miljørettleiar, kan vere vernepleiar, barnevernspedagog eller anna sosialfagleg utdanning.
Anna relevant utdanning vil bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir.
Det er ein fordel om søker har kompetanse og/eller erfaring knytt til åtferdsvanskar, samansette lærevanskar og erfaring frå arbeid med barn med ulike utfordringar.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Vi ønsker oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, tydlege og positive haldningar og godt humør.
Som vår nye kollega må du kunne bidra til eit godt læringsmiljø og eit helsefremmande arbeidsmiljø. Du må kunne legge til rette for eit godt samarbeid med føresette.
Vi ser etter deg som:
- ønskjer å bidra til utvikling og nytenking, med barna sine behov i sentrum
- som er aktiv i leik med born ute og inne
- kan samarbeide og bidra i tverrfaglege samanhengar
- arbeidar systematisk, strukturert og målretta
- er reflektert, endringsvillig, fleksibel og kreativ
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og kva skulen treng.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Bjørnafjorden kommune med ca. 25 000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. 31.10.2022 opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/20044
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Fagarbeidar
Miljøterapeut
Vernepleiar
Stillingstype:
Vikariat
Søknadsfrist:
08.06.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Borgafjellet barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Hegglandsdalsvegen 99 5200 Os