Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

Helsepersonell - 100 % fast

Har du utdanning innan helsefag og brenn for eldreomsorg?
Vi har ledige stillingar med arbeid i turnus både dag, kveld og natt for engasjert helsepersonell som vil vere med å bidra til utvikling av tenestene ved Fusa bu- og behandlingsenter og heimetenester, er det deg?

Fusa bu- og behandlingssenter og heimetenester ser på ulike måtar å organisere arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og ha rett kompetanse på rett plass. Vi treng deg som ønskjer å være med å vidareutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheiter framfor begrensingar. Som tilsett vil du få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingar. Dette skapar varierande arbeidskvardagar, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike område. Du får jobbe tverrfagleg og blir godt kjent med alle yrkesgrupper og du må vera førebudd på å bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst

Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter (Fbbs) er ein heildøgnsinstitusjon med miljøavdelilng for personar med demens, buavdeling og korttids-/rehabiliteringsavdeling som også har tilknytt ØHD- plass. Fbbs har eige produksjonskjøkken og vaskeri. Heimestenesta er delt i avdelingane gruppe 1 Baldersheim, gruppe 2 Eikelandsosen og dagsenter. Gruppe 2 Eikelandsosen er med i eit innovasjonsprosjekt - "Heima Best" der eit av måla er å utvikle smarte og bærekraftige helse- og omsorgstenester for å imøtekome framtida sine utfordringar.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
  • Pleie og omsorgsoppgåver, miljøarbeid og paliasjon.
  • Dokumentere i gjeldande fagsystem og følgje opp oppgåver som er knytt til dette
  • Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak
  • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester
  • Vere ein god rollemodell og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar
  • Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert.
  • Bidra til godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som:

  • Har autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar eller anna relevant helsefagleg utdanning
  • Gjerne har relevant vidareutdanning i tillegg
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg
  • Ser kva for oppgåver som er viktige i arbeidet med å aktivisera og stimulera bebuarane for å få fram glede og trivsel i kvardagen, og som evnar å utføre god pleie når livet nærmar seg slutten
  • Deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt
  • Bidrar positivt til arbeidsmiljøet i avdelinga, og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst
  • Søkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg 

Det vil bli lagt vekt på dine personlege eigenskapar, og vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Søknadane blir handsama fortløpande og det er kun aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju

Vi tilbyr

  • 100 % stilling i eit aktivt miljø, med høgt tempo, fokus på fag og gode kollegaer
  • Vi har fokus på heiltidskultur og fleksible arbeidstidsordningar. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld og helg, i to-delt turnus. I tillegg har vi eigne nattevaktslag med tilsette som berre jobbar nattevakter
  • Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing
  • Vi har plan for internundervisning og det er moglegheit for relevant vidareutdanning
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

24/6687

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

31.12.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Fusa bu- og behandlingssenter

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kart: