Bjørnafjorden kommune Eikelandsosen barneskule

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Undervisningsstilling 100% praktisk-estetiske fag og andre grunnskulefag ved Eikelandsosen barneskule

Ledig 100 % fast undervisningsstilling frå 01.08.2025

Vi treng særleg lærarar som kan gjennomføre opplæring i faga kunst og handverk og i musikk for barnesteget. Andre grunnskulefag er det også behov for. Fordjuping i spesialpedagogikk eller byrjaropplæring er også interessant for skulen.

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi ynskjer at vi kan tilby elevane praktisk, aktiv og variert opplæring i alle fag, men særleg innan kunst og handverk  Læreplan i kunst og håndverk (KHV01‑02) | udir.no  og i musikk Læreplan i musikk (MUS01‑02) | udir.no. Gjennom praktisk læring får elevane utvikle praktisk dugleik og kompetanse. Faga er også viktige for motivasjon, meistring og trivsel for elevane.

Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Lesing er også eit av satsingsområda, lesing av arbeidsteikning er døme på kva elevane skal kunne. Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Ved Eikelandsosen barneskule arbeider vi i småteam kring klassane, der fleire vaksne samhandlar tett om opplæringa og å skape gode læringskollektivt. Vi arbeider i tråd med LK20 og utviklar oss kontinuerleg for å halde fram å vere ein god utdanningsarena for elevane og ein god arbeidsplass for dei vaksne. 

I Eikelandsosen legg vi vekt på praktisk, variert og relevant opplæring der vi brukar skog, fjell og strand i tillegg til idrettshall, symjebasseng og eit allsidig skuleanlegg. Vi likar å gjere ting ute!

I lag med foreldregruppa vil vi gje elevane tidleg erfaring med ulike arbeidsmåtar innan handverk og ulike yrke. Erfaring som kan bidra til å forstå samanhengen mellom teori og den verkelege verda. Både kunst og handverk og musikk er fag som kan gje elevane verdfulle meistringsopplevingar i skulekvardagen.    

Eikelandsosen barneskule får kring 95 elevar frå 1.-7. årssteg hausten 2025 og kring 12 tilsette. Skulen ligg fint til i ei solrik sørhelling, er sentralt plassert ved Fusa symjehall, idrettsanlegg og sentrumsfunksjonar i Eikelandsosen.

Personalet ved skulen har ein aktiv sosialkomité som arrangerer kjekke friviljuge opplevingar. Vi vil gjerne ha deg med på turar og konsertar!  

Arbeidsoppgåver
Undervisning i grunnskulefag 1.-7.årssteg. Særleg treng vi kompetanse innan eitt eller fleire av desse fagområda; kunst og handverk, musikk, mat og helse, byrjaropplæring eller spesialpedagogikk. 

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid. 

Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgje BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

25/20082

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Lærar
Undervisning

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

09.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Eikelandsosen barneskule

Kontaktpersonar:

Kjersti Søvik

Stilling: Rektor

mob: +47 404 32 919

Adresse:

Brakabygda 40 5640 Eikelandsosen

Kart: