Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Vil du vera med å bida til gode omsorgstenester for barn og unge ?

Vernepleiar / Sjukepleiar

Tilrettelagte tenester, har ledig faste stillingar som vernepleiar /sjukepleiar ved Varafjell avlastning. Tilrettelagte tenester sitt avlastningstilbodet er til familie med langvarige og krevande omsorgsoppgåver. Avlastninga gjeld for born og unge med nedsett funksjonsevne og som treng avlastning i kommunen. Det er eit tilrettelagt heildøgns omsorgstilbod, på begge sider av fjorden, med Varafjell avlastningssenter og Os- Fusa avlastning. Sentera ligg strategisk plassert nær skule, idrettsplass og friluftsområde. I tillegg gjev vi tenester i heim og på skule.

2 x 100% stillingar i turnus, derav 1 stilling som inngår i ressursbemanning i eininga.

Arbeidsstad
Stillinga er for tida på Varafjell avlastningssenter. Avlastningssenteret har tilbod for born og unge under 18 år med nedsett funksjonsevne.

Arbeidsoppgåver
Stillinga er knytt opp mot born/ungdom på avlastning, i skule og i heim. Ein ønskjer så langt som råd er å minska talet på vaksne kvart barn må forholda seg til, slik at stillinga vil kunne variera mellom dei tre nemnte arenaer.

Stillinga er i stor grad knytt opp mot barn med behov for tett oppfølging.
• Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habiliteten og rehabilitering.
• Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpne.
• Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
• Du må vere villig til å ta på deg hovudkontaktarbeid og /eller koordinatorarbeid. Dette arbeidet inneber blant anna å følgje særskilt med på barnet sitt tilbod, stille på møter og vera ein aktiv deltakar i utvikling av barnet sitt tilbod.
• Vidare må du rekne med å arbeide aktivt saman med, og vere initiativtakar i høve tenestemottakaren sine pårørande, familie, vener og hjelpeapparatet elles.

Kvalifikasjonar
Du har autorisasjon som vernepleiar, men anna relevant høgskuleutdanning vert vurdert
• Du har erfaring frå arbeid med born/ungdom med nedsett funksjonsevne
• Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
• Kjennskap og erfaring frå helse og omsorgstenestelova kap. 9 er ønskjeleg
Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Det vert lagt særleg vekt på di kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Kven er du?
Fordi du ønskjer å vere ein del av eit spennande arbeidsmiljø, er denne stillinga heilt perfekt for deg. Du ønskjer utfordringar og er opptatt av å ivareta barnet som om det var ditt eige. På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gi barnet eit godt heiltidstilbod.
• Du er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner
• Du er klar for noko nytt og spennande
• Du er endringsvillig og spontan og du ønsker ein jobb der utfordringane står i kø.

Arbeidstid
Stillingane er i turnus med arbeidshelg (m/langvakter) kvar 4. veke.

Vi tilbyr
• Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
• Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
• Løn etter gjeldande avtalar

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

25/19890

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Stillingsnivå:

Vernepleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

13.06.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Varafjell avlastning

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: