
Vil du vere med å vidareutvikle Bjørnafjorden kulturskule?
Ledige stillingar i Bjørnafjorden kulturskule
Bjørnafjorden kulturskule har fire ledige stillingar frå 01.08.2025:
- Lærar i tangentinstrument - om lag 40 % fast stilling
- Lærar for musikkleik og kulturkarusell – 15 % fast stilling
- Lærar med ansvar for samarbeidsprosjekt mellom grunnskule og kulturskule- 10,% fast stilling
- Gitarlærar – 50 % vikariat skuleåret 25-26, med moglegheit for fast stilling. Delar av stillinga har undervisningsstad Eikelandsosen
Stillingane kan søkjast kvar for seg eller i kombinasjon.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i Bjørnafjorden kulturskule, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Bjørnafjorden kommune med ca. 26 000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Hausten 2022 opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid.
Arbeidsstad
Bjørnafjorden kulturskule
Arbeidsoppgåver
Ansvar for kulturskuleundervisning i dei ulike fagområda.
Ansvar for eigne prosjekt/arrangement og samarbeidsprosjekt med andre lærarar, samt samarbeid med lokale lag og organisasjonar der det er naturleg.
Kvalifikasjonar
Minimum 3-årig relevant musikkfagleg høgskuleutdanning. Pedagogisk utdanning eller relevant undervisningserfaring. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. Relevant utdanning eller opparbeida realkompetanse vil i spesielle tilfelle kunne kome i betraktning.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God datakompetanse
- Evne til å jobbe systematisk og sjølvstendig både internt og eksternt
- Godt utvikla formuleringsevner både munnleg og skriftleg
- Personleg eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Vi har årleg eit stort fellesprosjekt i Oseana kor dei fleste faga i kulturskulen er involvert
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/20043
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Kveld
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Lærar
Undervisning
Stillingstype:
Deltid
Fast
Vikariat
Søknadsfrist:
09.06.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Bjørnafjorden kulturskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://Bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Mobergsbakken 20 5200 Os