Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os

Heimehjelp 93 % fast - Heimetenester Os

Har du eit hjarta for å arbeide med mennesker, og å ha ein god arbeidsplass og spennande utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!

Arbeidsstad
Heimetenester Os. Arbeidsstad er heime hos brukarar som treng hjelp til reinhald og praktisk bistand etter vedtak frå kommunen.

Arbeidsoppgåver
Praktisk bistand som lettare husarbeid som til dømes vask av golv, støvsuging, vask av kler, og sengeskift.

Kvalifikasjonar

  • Assistent, reinhaldar eller andre med relevant bakgrunn/erfaring
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
  • Bestått Norsk-kurs nivå B1/B2, for søkjarar utanfor Norden
  • Førarkort kl B der ein må kunne disponere eigen bil, eller etter kjøyregodtjersle

 Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein positiv, motivert og engasjert medarbeidar
  • Du kan bidra aktivt til eit godt og humørfylt arbeidsmiljø
  • Du er nytenkande, løysningsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig, og saman med andre i team
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Reinhaldsoperatør

Stillingstype:

Deltid
Fast

Søknadsfrist:

15.10.2025

Tiltreding:

Snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

Heimetenester Os

Kontaktpersonar:

Rose Linda Engevik

Stilling: Avd. leiar

mob: +47 41863005

Adresse:

Holen 1 5200 OS

Kart: