Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Pedagogisk psykologisk rådgjevar

Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. I Familiens hus inngår Førebyggande helseteneste, Barneverntenesta og eininga Barn, unge og familiar. PPT er ei avdeling under Barn, unge og familiar. Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid med eit heilskapleg blikk for barnet sine behov er ei viktig satsing i vår kommune, og PPT er ofte ein viktig del av laget kring barnet. Det er etablerte strukturar for samarbeid internt i Familiens hus og med ulike eksterne samarbeidspartnarar.

PP-Tenesta i Bjørnafjorden har ledig 100% eittårs vikariat som PP-rådgjevar

Arbeidskvardagen i PPT er prega av høgt arbeidstempo, fleksibilitet og varierte arbeidsoppgåver. Bjørnafjorden PPT arbeider med barn og ungdom frå 0 år og ut 10. trinn i grunnskulen, og med vurdering av individuell tilrettelegging for vaksne.

Pedagogisk Psykologisk Teneste skal bidra med systemisk arbeid gjennom kompetanseheving og organisasjonsutvikling inn til skular og barnehagar, samt utarbeide sakkunnige vurderingar der lova krev det (individnivå). Alle barnehagar og skular har eigen PPT-kontaktperson for dialog rundt behov for støttetenester.

Tenesta består av aktive og engasjerte medarbeidarar med høg fagkompetanse. Målet er å kome tidleg inn og bidra til auka kvalitet i det ordinære opplæringstilbodet. For å komplementere samla kompetanse i tenesta kan det vere ein fordel med kompetanse og erfaring knytt til språkutvikling. Det kan til dømes vere aktuelt å halde kurs i barnehagar og skular, modellere språkgrupper og utarbeide materiell til språktrening. Bjørnafjorden PPT har som forebyggande og tidleg innsats lågterskeltilbod om uttaletrening i periodar etter POPT-metodikk, og PP-rådgjevaren som skal ha permisjon er sentral i dette arbeidet.  Søkjar må ha svært gode kommunikative ferdigheiter for å fylle rådgjevarrolla, og i tillegg kunne skrive godt på nynorsk. Vidare er det ønskeleg med kompetanse og/eller erfaring innanfor relevante spesialpedagogiske eller psykologiske fagområde.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid i lågterskeltilbod
  • Kontaktperson barnehage/skule
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeid
  • Kompetanseheving i skule/barnehage på individ- og organisasjonsnivå
  • Konsultasjons- og rettleiingsarbeid, modellering av aktuelle arbeidsmetodar
  • Utviklingsarbeid i Familiens hus og eiga teneste
  • Utgreiings- og sakkunnigarbeid
  • Rettleiing av studentar

Andre oppgåver kan knytast til stillinga i tillegg til lista over

Kvalifikasjonar:

  • Logoped, psykolog eller pedagog med master i spesialpedagogikk/pedagogikk, eller anna relevant høgare utdanning og erfaring
  • Erfaring frå PPT er ein fordel
  • Erfaring frå rettleiing og konsultasjon som arbeidsmetode
  • Kjennskap til organisering av tenester knytt til helse og oppvekst
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Fordel med kompetanse eller erfaring knytt til arbeid med språk og uttale

I tillegg ønskjer vi at du har:

Gode kommunikasjonseigenskapar og samarbeidsevner
Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta
Evne til å jobbe godt i team
Engasjert og fleksibel
Endringsorientert
Evne til å bidra positivt inn i eit arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vert vektlagd

Vi tilbyr:
Høgt fagleg nivå
Fagleg og personleg utvikling
Fleksibel arbeidstid
Godt arbeidsmiljø
Lønn etter gjeldande avtalar

Det er nødvendig med førarkort klasse B og ein må pårekna noko bruk av eigen bil i tenesta for samarbeid med skular og barnehagar i heile kommunen.
Utanlandsk utdanning må vere godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse(HK-dir):https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet.

Ved eventuell tilsetting er det krav om politiattest før oppstart.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Kontaktpersonar:
Annveig Myklebust Fjellstad, leiar for PPT
anfj@bjornafjorden.kommune.no  tlf 41 23 57 23

Linda Hevrøy, leiar for Familiens Hus
lihe@bjornafjorden.kommune.no  tlf 97 15 69 89

Etter søknadsfristens utløp, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID i søknadsprosessen.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Rådgjevar

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

12.12.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

PP-Tenesta

Adresse:

Torggata 7 5200 Os

Kart: