Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

Eining for psykisk helse og rustenester søkjer helsefagarbeider i vikariat i perioden 23.02.26 – 03.01.27 med mogelegheit for forlenging.

100 % vikariat som helsefagarbeidar

Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Arbeidsstad
Grantun bufellesskap er eit bufellesskap for personar med psykiske vanskar. Grantun har 16 leiligheter, krisehybel og fellesareal. Vi har som visjon å skape trygghet, forutsigbarhet, trivsel og gje rom for eigenutvikling.

Arbeidsoppgåver
Du vil yte tenester etter vedtak i helse- og omsorgstenestelova. Du vil få ansvar for både individuell - og gruppebasert oppfølging, samt deltaking i drift av dagtilboda. Avdelinga har ansvar for oppfølging av vaksne pasientar med behov for helsehjelp på grunn av psykiske helse- og rusutfordringar. 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar.
  • Ønskeleg med arbeidserfaring frå kommunalt psykisk helse- og rusarbeid, men vidareutdanning i psykisk helse- og rusarbeid kan kompensere for manglande erfaring.
  • Må ha førarkort klasse B og det er ønskeleg at du kan disponere bil

Personlege eigenskapar

  • Likar utfordringar, tar initiativ til å arbeida for forbetringar og gode løysingar
  • Evne til å arbeida målretta og ha god struktur.
  • Evne til å byggja gode relasjonar både overfor brukarar og kollegaer.
  • Erfaring frå psykisk helsearbeid innan kommunehelsetenesta vil bli lagt vekt på 
  • Det vert lagt særskild vekt på personlege eigenskapar.

Som medarbeidar må du lika å arbeida sjølvstendig, men samstundes vera fleksibel, god på samarbeid i tverrfagleg team og villig til å påta deg ansvar. Vi har ei kommunal helseteneste med stor bredde i type oppgåver og det er til tider ein hektisk kvardag. Hjå oss har vi ein kultur der alle bidreg ved behov. Du som søkjer desse stillingane må difor trivast med mange og varierte arbeidsoppgåver i ein travel kvardag. Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

Del på:

Referansenummer:

25/25521

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Helsefagarbeidar

Stillingstype:

Heiltid
Vikariat

Søknadsfrist:

15.12.2025

Tiltreding:

23.02.2026

Arbeidsstad:

Grantun

Kontaktpersonar:

Avdelingsleiar Grantun Åse Kristin Uglehus

mob: +47 995 33 798

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: