
Er du sjukepleiar eller vernepleiar og brenn for eldreomsorg?
Sjukepleiarar/vernepleiarar – i ressursbemanning
Vi søkjer sjukepleiarar og vernepleiarar som ønskjer å jobbe i ei ressursbemanning hos oss. Som tilsett i ressursbemanning vil du ha ein fast turnus men ha alle avdelingar på Luranetunet som din arbeidsstad. Ressursbemanninga verkar som ein buffer for avdelingane på Luranetunet ved at fagpersonar i ein eigen stab dekker fråvær ved avdelingane. Kompetansen din vil bli nytta der behovet til ei kvar tid er størst. Du vil få stor variasjon i arbeidsoppgåver og muligheten til å utvide kompetansen din, samtidig som du vil bli kjendt med svært mange dyktige og dedikerte kollegaer.
Kvifor jobbe i ei ressursbemanning ved Luranetunet
- Luranetunet treng dyktige og dedikerte fagpersonar som kan dekke fråvær
- Du vil få store variasjonar i arbeidsoppgåver og gode muligheter for å bygge kompetanse
- Luranetunet har eit lærande miljø med mange elevar, studentar og lærlingar
- For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
- For arbeid på natt i tillegg kr 40.000 på årslønn
- Kommunen har gode vilkår for stønad til vidareutdanning
- Godt arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandre
- Gunstige pensjons- og forsikringsordningar
Kven ser vi etter?
Denne typen jobb passer for deg som:
- har autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar (gjerne med relevant vidareutdanning)
- har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg
- er fagleg engasjert og oppteken av læring og utvikling
- er trygg, ansvarsfull og har gode samarbeidsevner
- evner å forhalde deg til mange kollegaer og som ikkje er avhengig av faste rammer
- bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet og er fleksibel med omsyn til arbeidsoppgåver
Om arbeidsplassen
Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 175 plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har både rehabilitering, behandling og avdelingar spesielt tilrettelagt for personar med demens.
Hos oss står bebuarane sine livshistorier og behov i sentrum – vi ser alltid personen bak sjukdommen. Vår visjon er «Varme og vekst i samspel», noko som speglar både omsorga for bebuarane, utviklingsmoglegheitene for dei tilsette og det gode miljøet i og rundt tropehagen vår på 1300 m².
Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)
Praktisk informasjon
- Vi ønskjer fortrinnsvis søkjarar i store stillingar, men er fleksible på stillingsstorleik
- Søkjarar må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Politiattest må leggast fram før oppstart
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
- Søknader blir vurderte fortløpande, så send søknad snarast
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Sjukepleiar
Vernepleiar
Stillingstype:
Deltid
Fast
Søknadsfrist:
01.12.2025
Tiltreding:
Snarast/etter avtale
Arbeidsstad:
Alle avdelingar
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Solstrandsvegen 39 5200 OS