
Er du pensjonist og vil jobbe hos oss?
Pensjonert helsepersonell - Luranetunet bu- og behandlingssenter
Er du pensjonist og ønsker å fylle dagane dine med meiningsfylt arbeid samt å gje god omsorg?
Vi treng deg som kan jobbe i sommar og/eller vere ringevikar året rundt.
Vi ser etter deg som har tid til overs, er engasjert, positiv og set respekt, lojalitet og etikk høgt.
Arbeidsoppgåvene er å yte helsehjelp.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest
Vi tilbyr
- Opplæring og gradvis innføring i arbeidsoppgåvene i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar for pensjonistar
Har du lyst til å vite meir, ring kontaktpersonen i annonsen og send oss gjerne ein kortfatta søknad med opplysningar om deg sjølv.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Du finn informasjon om Luranetunet bu- og behandlingssenter på vår heimeside: Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/21116
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Helg
Kveld
Natt
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Assistent
Helsefagarbeidar
Sjukepleiar
Vernepleiar
Stillingstype:
Ferievikar
Tilkallingsvikar
Søknadsfrist:
31.08.2025
Tiltreding:
Snarast/etter avtale
Arbeidsstad:
Alle avdelingar
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Solstrandsvegen 39 5200 OS