Bjørnafjorden kommune Hellemyra bufellesskap

Helgestillingar

Ved Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Hellemyra Bufellesskap, har ledig faste helgestillingar i mellom 15-22 % 
- stillingane er i turnus med ulike varianter som; kvar 3 helg og kvar 4. helg (langvakt)

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter.
Hellemyra Bufellesskap som ligg i Eikelandsosen, er eit bufelleskap med 5 tenestemottakarar med ulike bistandsbehov, i hovedsak personar over 18 år. I tillegg har bufellskapet ansvaret for oppfølging av heimebuande tenestemottakarar.

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar
Til helgestillingar ønskjer vi særleg å rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning.
Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring kan også bli vurdert. Vi søkjer også deg som er ufaglært, men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Du må kunne leggje fram politiattest,og eventuell utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).  

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløp søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.  

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Sektor:

Helse og velferd

Stillingstype:

Helgestilling

Søknadsfrist:

15.09.2025

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Hellmyra bufellesskap

Kontaktpersonar:

Irene Egbe

Stilling: Avdelingsleiar

tlf: +47 454 65 833

mob: +47 454 65 833

Yvonne Matre

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 902 89 733

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: