Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Vernepleiar - 100 % fast stillling

Vil du vera med og gjera ein forskjell i kvardagen til menneske med nedsatt funksjonsevne ?

Tilrettelagte tenester v/ Hellemyra bufellesskap har ledig 100 % fast stilling

Om arbeidsstaden:
Hellemyra bufellesskap ligg sentralt i Eikelandsosen og er eit av kommunens ni bufellesskap for vaksne. Her bur det fem tenestemottakarar med ulike bistandsbehov. I tillegg har avdelinga ansvar for oppfølging av heimebuande brukarar i nærområdet. Arbeidet inngår i turnus, med moglegheit for langvakter i vekedagar og arbeid kvar fjerde helg.

Arbeidsoppgåver
Som tilsett vil du få ei sentral rolle i å:

  • yta heilskaplege og faglege tenester i tråd med prinsippet "Kva er viktig for deg?"
  • bidra til å sikra høg livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging
  • støtte brukarane i daglege gjeremål og sosiale aktivitetar
  • vera primærkontakt og ha ansvar for medikamenthandtering
  • delta i målretta miljøarbeid og oppfølging av vedtaksfesta tiltak

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som er:

  • autorisert vernepleiar,  men er du autorisert sjukepleiar kan du også vera aktuell for stillinga.
  • gjerne med erfaring frå arbeid med personar med nedsatt funksjonshemning (ikkje krav)
  • trygg i rolla di, med høg etisk bevisstheit
  • god på relasjonsbygging, tillit og samhandling
  • sjølvstendig, ansvarleg og løysingsorientert
  • lyttande og respektfull – både overfor brukarar og kollegaer

Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og dine personlege eigenskaper vil bli vektlagt.
Du må kunne leggje fram gyldig politiattest, og eventuell utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

 Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb i eit trygt og utviklande fagmiljø
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande tariffavtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, samt helsesjukepleiarar i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
  • Fokus på å utvikla heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Vernepleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

15.09.2025

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Hellemyra bufellesskap

Kontaktpersonar:

Irene Egbe

Stilling: Avdelingsleiar

tlf: +47 454 65 833

mob: +47 454 65 833

Yvonne Matre

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 902 89 733

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: