
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Fagarbeidar/assistent - vikariat
Lunde barneskule har ledig to stillingar i 89-100% i vikariat som fagarbeidar/assistent frå
snarast og til 31.12.25, med mogleg forlenging. (Ein av stillingane kan verte delt opp.)
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i
skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig
fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20
(Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020).
Arbeidsstad
Lunde barneskule er ein 1-7 -skule med rundt 325 elevar og 45 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen
ligg i naturskjøne omgjevnader på Lunde i Bjørnafjorden kommune. Hausten 2017 tok vi i bruk eit heilt
nytt og moderne skulebygg, med framtidsretta infrastruktur for den digitale skulen. Hausten 2021 opna
vi den nye utehallen vår, som gjev gode moglegheiter for fysisk aktivitet ute gjennom heile året.
Skulen satsar på trivsel og tryggleik, og logoen vår «Lundehjartet» står sentralt. Vi arbeider etter
verdiane meistring, anerkjenning og tryggleik. Vi legg derfor vekt på at elevar og tilsette skal få lære og
utvikle seg i trygge rammer. «Vi elskar å lære».
Les gjerne meir om skulen vår på Lunde.gs.hl.no og facebook.com/Lundebarneskule.
Arbeidsoppgåver
Arbeid med elevar på småtrinnet og mellomtrinn i skulekvardagen og på SFO. Arbeidstid vil vere i
tidsrommet 7.00-16.30.
Samarbeid med dei ulike faggruppene i skulen og på SFO og vere med på å
utvikle og følgje opp alternative opplæringsmåtar i skulekvardagen.
Våre nye medarbeidarar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og
utvikling for elevane i tida dei er på skulen og SFO.
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne-og ungdomsarbeidarfaget, men søkarar med anna relevant
utdanning og erfaring vil bli vurdert.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
(HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Ønskjer du å jobbe i skule og SFO og bidra med din kompetanse i komplekse oppgåver inn i eit viktig
og samansett arbeidsfelt med barn og unge?
Vi ønsker ein strukturert og tydeleg medarbeidar, med gode evner til å kommunisere, som er
løysingsorientert, og som er glad i å jobbe med barn.
Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.
I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.
Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller
yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for
opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli
offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge
vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Assistent
Fagarbeidar
Stillingstype:
Vikariat
Søknadsfrist:
28.09.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Lunde barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Klasavegen 10 5208 Os