Bjørnafjorden kommune

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Avdelingsleiar ved Baldersheim barnehage og skule

Vi har ledig 100 % fast avdelingsleiar stilling ved Baldersheim barnehage og skule. Til stillinga er det 60% leiing og administrasjon og 40% stilling med pedagogisk arbeid/undervisning med barn og elevar.  Ønskeleg med oppstart så snart som mogeleg.

Frå 01.10 vil det vera felles leiing på Ådlandsfjorden barneskule og Baldersheim barnehage og skule. Avdelingsleiarstillinga vil vera ein del av denne leiinga, og ha fast oppmøtestad på Baldersheim.  Rektor er leiar til avdelingsleiar, og desse to skal samarbeide tett om arbeidet i organisasjonen.

Vi søker ein engasjert og tydelig leiar som ønsker å vera med på å vidareutvikla eit heilheitleg og inkluderande oppvekstmiljø for barn i alderen 0- 12 år. Som avdelingsleiar for barnehage og skule vil du få ei sentral rolle i å skape gode rammer for både læring, omsorg og trivsel.

Stillinga krev evne til å kombinera strategisk tenking med dagleg oppfølging av kollegaer, føresette og barn, og du vil vera ein viktig kulturbygger i organisasjonen.

Arbeidsstad
Baldersheim barnehage og skule er to einingar som er lokalisert i same bygning. Det er 8 barn i barnehagen og 16 elevar på skulen. Det er samarbeid mellom barnehagen og SFO få å kunne gje eit fulltidstilbod. Skulen er fådelt, og tre eller fire årssteg går saman i grupper. Inkludering står i høgsetet, og alle skal kjenne på at dei høyrer til. Eininga har eit godt miljø for både barn, elevar og tilsette.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle det  pedagogisk arbeid i barnehage og skule
  • Personalansvar
  • Leie det daglege arbeidet slik at forsvarleg drift vert sikra
  • Sikre effektiv bruk av ressursane innanfor vedtekne rammer og budsjett.
  • Vidareutvikla eininga som ein lærande organisasjon med fokus på heilskapeleg tenking rundt barnegruppa 0-13 år
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom tilsette, foreldre og lokalsamfunnet.

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3- åring relevant høgskuleutdanning.  
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
  • Gode IT kunnskapar

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Vi ser etter deg som:

  • Er løysingsorientert og har fokus på organisering
  • Har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
  • Har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
  • Har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Hos oss får du:

  • Leiarstøtte og rettleiing av mentor
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Gode moglegheiter for kompetanseutvikling

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

 

Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Avdelingsleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

14.09.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Baldersheim barnehage og skule