Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Nattstilling 50% fast

Vil du vera med og gjera ein forskjell i kvardagen til menneske med utviklingshemming og andre funksjonsnedsettingar?
Tilrettelagte tenester har ledig:

50% fast stillling på natt.

Om arbeidsstaden
Hellemyra bufellesskap ligg sentralt i Eikelandsosen og er eit av kommunens ni bufellesskap for vaksne. Her bur det fem tenestemottakarar med ulike bistandsbehov. I tillegg har avdelinga ansvar for oppfølging av heimebuande brukarar i nærområdet. Arbeidet inngår i turnus, med arbeid kvar fjerde helg. 

Arbeidsoppgåver
Som tilsett vil du få ei sentral rolle i å:

  • yta heilskaplege og faglege tenester i tråd med prinsippet "Kva er viktig for deg?"
  • bidra til å sikra høg livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging
  • støtte brukarane i daglege gjeremål
  • vera primærkontakt og ha ansvar for medikamenthandtering
  • delta i målretta miljøarbeid og oppfølging av vedtaksfesta tiltak 

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som er:

  • autorisert helsefagarbeidar, eller andre med relevant helsefagleg utdanning og erfaring med brukargruppa kan også vera aktuelle
  • gjerne med erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming (ikkje krav)
  • trygg i rolla di, med høg etisk bevisstheit
  • god på relasjonsbygging, tillit og samhandling
  • sjølvstendig, ansvarleg og løysingsorientert
  • lyttande og respektfull – både overfor brukarar og kollegaer

Det blir lagt vekt på dine personlege eigenskapar.
Du må kunne leggje fram politiattest,og eventuell utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
 

personlege eigenskapar

  • Er empatisk, tolmodig og har gode kommunikasjonsevner
  • Trives med å jobbe i team og bidra til et godt arbeidsmiljø
  • Gode evner til observasjon og dokumentasjon
  • Omstillingsorientert og ser moglegheiter framfor avgrensing
  • Du er stolt over ditt fag og tek ansvar for eiga utvikling

 Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb i eit trygt og utviklande fagmiljø
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande tariffavtalar.
  • Fokus på å utvikla heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Helg

Sektor:

Helse og velferd

Stillingstype:

Deltid

Søknadsfrist:

15.09.2025

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Hellmyra bufellesskap

Kontaktpersonar:

Irene Egbe

Stilling: Avdelingsleiar

tlf: +47 454 65 833

mob: +47 454 65 833

Yvonne Matre

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 902 89 733

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: