Vil du gjere ein forskjell for kvar enkelt elev?
Lærar ved Baldersheim barneskule
100 % vikariat frå 01.08.2026–31.07.2027
Drøymer du om ein lærarjobb der du verkeleg får tid til å sjå den enkelte eleven?
Baldersheim barneskule ligg vakkert til ved Bjørnafjorden, omgitt av natur og eit engasjert lokalmiljø. Skulen er liten, med om lag 16 elevar fordelte på to grupper. Dette gir gode moglegheiter for tett oppfølging, sterke relasjonar og tilpassa opplæring. Hos oss får du vere ein viktig vaksen i elevane sin kvardag og bidra til både fagleg og sosial utvikling i eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
Vi har felles lokasjon med barnehagen og arbeider saman for å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø.
Les meir om skulen her: https://baldersheim.barneskule.no/
Kvifor velje Bjørnafjorden kommune?
Vi satsar på trygge og gode skulemiljø som legg til rette for læring, trivsel og meistring. Lesing og språk står sentralt i utviklingsarbeidet vårt. Nyutdanna lærarar får støtte gjennom mentorordning og faglege nettverk.
Arbeidsoppgåver
- Kontaktlæraransvar
- Undervisning på 1.–7. trinn
- Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
- Samarbeid med føresette og kollegaer
- Deltaking i skulen sitt utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning frå høgskule eller universitet
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Nynorsk er administrasjonsspråk i Bjørnafjorden kommune
For søkjarar med utdanning frå utlandet må utdanninga vere godkjend av HK-dir.
Tilsetting føreset tilfredsstillande politiattest i samsvar med gjeldande regelverk.
Kven ser vi etter?
Vi ønskjer ein lærar som:
- er ein trygg og tydeleg klasseleiar
- byggjer gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- har tru på at alle elevar kan lære og utvikle seg
- er fleksibel og løysingsorientert
- samarbeider godt med andre
- ønskjer å bidra til utvikling av skulen
Det er ønskjeleg med kompetanse i norsk, engelsk, naturfag og/eller teikn-til-tale.
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
- Ein liten skule med korte avstandar og tett samarbeid
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Moglegheit til å påverke og bidra til utvikling av skulen
- Mentorordning og fagleg støtte for nyutdanna lærarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande avtaleverk
For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens pensjonskasse på www.spk.no.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald. Alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skape eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalde namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjorde i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BankID-informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson
Kari Anne Bergesen, rektor
Mobil: 480 93 721
E-post: kab@bjornafjorden.kommune.no
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Lærar
Stillingstype:
Vikariat
Søknadsfrist:
03.08.2026
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Baldersheim barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Neset 5647 Eikelandsosen