Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

Helgestillingar i Heimetenesta Fusa

Har du lyst til å jobba i heimesjukepleien saman med gode kollegaer? Då er dette ein flott moglegheit for deg som er i eit helsefagleg utdanningsløp til å få lærerik praksis i høve utdanninga di. Er du ufaglært og har interesse for arbeid med menneske er du også velkommen til å søkja, og tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert opp mot det som er relevant for stillinga.

Stillingane er i turnus i varierande stillingsstorleik (13 – 22%) med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale.

Arbeidsstad
Heimetenesta Fusa

Arbeidsoppgåver

  • Pleie- og omsorgsoppgåver til heimebuande
  • Medansvarleg for dokumentasjon og medikamenthandtering
  • Ansvar for å gje hjelp ut i frå brukaren sitt vedtak og til avtalt kvalitet
  • Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
  • Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar blir følgd
  • Fokus på fagutvikling
  • Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
  • Bidra til godt samarbeid med brukarar og pårørande
  • Bidra til godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeidar, studentar innan helsefag, assistentar, evt andre med relevant helsefagleg erfaring
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Førarkort kl. B
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Bestått Norskkurs Nivå B1/B2, for søkjarar utanfor Norden

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og strukturert
  • Løysingsorientert og endringsvillig
  • Fleksibel og lojal
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Motiverande og engasjerande medarbeidar med godt humør

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Det vil bli gjort fortløpande tilsetjing i helgestillingane slik at vi oppmodar om at du sender inn søknaden din snarast!

Vi ser fram mot å høyre frå deg!

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

26/5782

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Helsefagarbeidar
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Deltid
Fast

Søknadsfrist:

31.12.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Heimetenesta Fusa

Kontaktpersonar:

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kart: